Sommarjobb hjå Bygdeutvikling?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Bygdeutvikling
Frist
04.04.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Sommarjobb i Suldal kommune
Sommarjobb i Suldal kommune gir deg spannande arbeidsoppgåver og erfaring som kan kome godt med seinare i livet. Du blir kjend med oss, og me med deg.

Me lovar å ta vare på deg og vil gjere vårt beste for at sommaren 2025 blir fin og lærerik på jobb. Du blir invitert til kommunen sin sommarfest som er for alle sommarvikarane i Suldal kommune.

Eining Bygdeutvikling søkjer arbeid innan natur, miljø, og landbruk
Bygdeutvikling har ansvar for landbruk, areal, natur, viltforvaltning, klima, berekraft, oppmåling/ geografisk informasjon, byggesak og fysiske kulturminne. Me samarbeider med Rogaland fylkeskommune om ei stilling innanfor vassforvaltning. Me har og sekretærfunksjon for Villreinnemnda i Setesdal Ryfylke, etter avtale med Statsforvaltaren i Agder. Bygdeutvikling i lag med Teknisk drift, er til saman 15 personar og me har kontor på Sand, Garaneset langs vakre Suldalslågen.

Aktuelle oppgåver:

  • Registrering av framande arter (nokre utvalde)
  • Vassprøvetaking
  • Utfisking av abbor
  • Oppdatering av Suldal kommune si nettside for tema natur, klima og miljø
  • Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal i felt hjå gardbrukarar og elektronisk registrering av slik godkjenning
  • Anna aktuelt arbeid knytt til arealbruk, natur, miljø og landbruk

Kva kan me tilby som arbeidsplass?

  • Me gir deg god opplæring og støtte undervegs
  • Du får god arbeidserfaring som kan kome godt med seinare i livet
  • Du får kunnskap om arbeidsområde som gir deg kunnskap og grunnlag for gode yrkesval for deg sjølv seinare
  • Du blir meir kjend i vakre Suldal kommune
  • Arbeid i felt og ved synfaringar, og i kontakt med grunneigarar
  • Rikt høve til å vere ute i ei fin årstid, bli kjend med geografi og trivelege folk i kommunen
  • Me er fleksible på lengd av sommarjobben, 4-8 veker er aktuelt

Du vil trivast hos oss dersom du:

  • Er interessert i arbeide du skal gjera
  • Er påliteleg
  • Kan arbeida sjølvstendig
  • Likar både inne – og utearbeid

Me ser etter:

  • Me søkjer etter student eller liknande. Du må ha tilgang på bil.
  • Har interesser og fagområde innafor for natur, miljø, landbruk og berekraft
  • Likar å jobbe med kart og GIS
  • Har noko kjennskap til offentleg forvaltning og kommune
  • Er fleksibel og nysgjerrig

 Andre opplysningar:

  •  Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  •  Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  •  Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjar du:

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn.
  • Skriv litt om deg sjølv og kva bakgrunn, fagområde og interesser du har i skulegang og som student til no.
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00

  Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Sansvegen 122, 4230 Sand
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Annet
FINN-kode
397682613
Sist endret
14. mars 2025 07:08