Er du vår nye sakshandsamar/fagutviklingssjukepleier?
- Arbeidsgiver
- Hjartdal kommune Helse og omsorg
- Stillingstittel
- 100% Vikariat Sakshandsamar tenestekontor/ fagutviklingssjukepleier
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Hovudarbeidsoppgåvene er sakshandsaming og tildeling av tenester på rett nivå. Delar av stillinga er knytt til fagutviklingsoppgåver i sektoren.
Dette inneber mellom anna:
- Informere om kommunens helse og omsorgstilbod, og bustadsosiale tenester
- Ta imot og handsame søknader
- Sakshandsaming - klagesakshandsaming
- Nært samarbeid med tenestene
- Betene TryggEst telefonen og delta i ressursteam
- Delta i nettverk for sakshandsamarar
- Ein del av arbeidsoppgåvene er knytt til fagutvikling som t.d
- Kreftomsorg
- Internundervisning
- Fsilitator/leiar av vår lokale ressursgruppe i fht Simuleringssenteret i Vest Telemark
Di stemme blir høyrt. Eit lite bidrag frå deg gjer fort ein stor skilnad. Dine idéar kan raskt bli sett ut i live.
Info om bustad og tenestekontoret
Bustad og tenestekontoret har 2 tilsette i 100% stilling med arbeidsstad på kommunehuset. Dei er organisert i stab hjå kommunalsjef. Kontoret er nyoppussa og godt tilrettelagt. Bustad og tenestekontoret handsama om lag 100 saker i 2024. Arbeidskvardagen er svært variert og spennande. I ein liten kommune er vi generalistar og får mange ulike utfordringar vi må løyse.
Formelle kvalifikasjonskrav:
- Offentleg autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Ønskeleg med erfaring frå sakshandsaming.
- Pedagogiske evner og erfaring frå veiledning er ønskeleg
- Gode datakunnskapar.
- Førarkort klasse B, og søkjar må kunne stille eigen bil til disposisjon i arbeid.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å vere løysingsorientert, reflektert, fleksibel og nytenkande.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i team.
- Engasjert i faget, opptatt av kvalitet og fagutvikling.
- Gode kommunikasjonsevner, strukturert og ryddig.
Vi tilbyr:
- Tilsetting i samsvar med gjeldande lovar, reglement og tariffavtale.
- I Hjartdal kommune gjer vi eit tillegg på 25.000,- på årsløn for sjukepleiarar/vernepleiarar med autorisasjon.
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Kommunen er IA bedrift
- Variert arbeid i eit triveleg arbeidsmiljø
Givande arbeidsdagar.
Vil du bli ein del av eit fellesskap der vi heiar på nytenking og jobbar for å vere best på fag og utvikling?
Dersom ja – søk da vel!
Anna:
Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Dei som blir tilsett må leggja fram gyldig politiattest og HPR nummer (autorisasjonsnummer).
Kopi av vitnemål og attester leverast i samband med intervjuet
Den som blir tilsett må være personleg egna for stillinga.
Spørsmål til stillinga kan rettast til: Ingunn Espesett Vreim, kommunalsjef . tlf. 950 76 931.
Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje blir søkjaren varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Saulandsvegen 414, 3692 Sauland
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Saksbehandler, Sykepleier
- FINN-kode
- 397768857
- Sist endret
- 14. mars 2025 07:36