Inaktiv

Helsefagarbeidar 100% stilling

Arbeidsgiver
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 100% stilling
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette stillinga for deg!

Avdeling Klokkerhaugen bustader har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar i p.t langvaktsturnus med arbeid kvar 4. helg. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, eller du kan vere utdanning som helsefagarbeidar. Andre med utdanning i helse -og sosialfag kan og søkje. Personleg eignaheit vert vektlagd.
Stillinga er ledig frå dags dato.

Eining Bu- og Rehabilitering yt tillegg til butenester til vaksne, barne og avlastningstenester til born og unge, dagsenter og  avdeling for psykisk helse -og rus.


Arbeidsoppgåver

  • Ivaretaking og oppfølging av tenestemottakarane i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
  • Helsefagleg oppfølging og miljøarbeid
  • Bidra til fagleg kvalitet  tråd med faglege og etiske retningsliner
  • Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
  • Dokumentasjon i EPJ
  • Forefallande arbeid
  • Legemiddelhandtering kan verte aktuelt
  • Kontakt med pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Primær- og/eller sekundærkontaktarbeid
  • Bruk av hjelpemiddel også velferdsteknologiske hjelpemiddel

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ein fordel
  • Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med menneske med ulike funksjonsvariasjonar
  • Du er omsorgsfull og evnar å vere trygg og ansvarsfull
  • Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
  • Du er fleksibel og løysingsorientert 
  • Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Du kan arbeide godt sjølvstendig samtidig har du gode samarbeidsevner
  • Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Du held deg fagleg oppdatert
  • God datakunnskap
  • Du er open, lojal og til å stole på
  • God omstillingsevne

Vi tilbyr

  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Varierte og spanane arbeidsoppgåver
  • Høg tverrfagleg kompetanse i avdelinga

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

 

Kontaktinformasjon

Randi Lindvik Kvam, avdelingsleiar, 46865387, randi.lindvik.kvam@sykkylven.kommune.no

Lisbeth Vinjevoll Schei, einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene

Arbeidsstad

Kyrkjevegen

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4937784196

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
397773039
Sist endret
14. mars 2025 08:36