Sjukepleier ved Meland sjukeheim 100 %
- Arbeidsgiver
- Alver kommune
- Stillingstittel
- Sjukepleier 100 % fast ved Meland sjukeheim
- Frist
- 04.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig fast stilling som sjukepleiar i turnus på Nordgardstunet og Lerketunet på Meland sjukeheim. Du kan sjølv velgje om du vil arbeide kvar 3. eller 6. helg, 6. kvar helg er eit prøveprosjekt.
Om avdelinga
Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.
Lerketunet er ei avdeling for dei som lever med demens og har 12 plassar. Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 22 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med komplekse sjukdomsbilete, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrke kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.
Vi er i startfasen med å innføre ordning med ansvarssjukepleier på kveld og helg. Dette innebærer ansvar for heile sjukehiemn saman med evt annan sjukepleiar på avdeling.
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?
Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Valg mellom arbeid kvar 3. eller 6. helg, der 6. kvar helg er eit prøveprosjekt.
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Ny kommune i utvikling.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Havnevegen 12, 5918 Frekhaug
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 397774368
- Sist endret
- 14. mars 2025 09:23