Prosjektleiar for interkommunalt samarbeid i Region Ålesund
- Arbeidsgiver
- Kommunalområde Organisasjon, Teknologi og innovasjon
- Stillingstittel
- Prosjektleiar for interkommunalt samarbeid i Region Ålesund
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Vil du vere med og forme framtida for interkommunalt samarbeid?
Region Ålesund, beståande av kommunane Giske, Sula, Haram og Ålesund, søkjer ein engasjert og strategisk orientert prosjektleiar til å leie arbeidet med revitalisering av interkommunale samarbeid.
Om prosjektet
Kommunane i regionen står overfor store omstillingar knytt til demografi, kompetansemangel, økonomi, utanforskap og berekraft. For å møte desse utfordringane vil vi utvikle og effektivisere eksisterande interkommunale samarbeid, samt utforske nye samarbeidsformer og styringsmodellar.
Vi søkjer ein prosjektleiar som kan ta oss gjennom dette viktige utviklingsarbeidet over ein periode på tre år, med mogleg fast tilsetjing.
Arbeidsoppgåver
- Leie utgreiing og implementering av endringar i interkommunale samarbeid.
- Utarbeide felles saksframlegg og anbefalingar til styringsgruppa og kommunestyra.
- Sikre god dialog og samhandling mellom styringsgruppa, administrativ prosjektgruppe, de ulike fagområda, tillitsvalde og andre interessentar.
- Kartleggje og vurdere nye samarbeidsområde og moglegheiter for frikommuneforsøk.
- Sikre at prosjektet gjennomførast i samsvar med overordna strategiar og målsettingar.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan administrasjon, samfunnsplanlegging, økonomi eller juss.
- Erfaring med prosjektleiing, endringsleiing og strategisk utviklingsarbeid.
- Erfaring frå kommunal forvaltning, interkommunalt samarbeid og politiske prosessar.
- Førarkort.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å bygge relasjonar på tvers av organisasjonar.
- Strukturert og målretta, og med evne til å sjå heilskapen.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande rolle med stor samfunnsmessig betydning.
- Moglegheit til å forme framtidas interkommunale samarbeid i Region Ålesund.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Konkurransedyktige vilkår God pensjonsordning gjennom KLP.
Prosjektleiaren vert tilsett i Ålesund kommune, men vil i det daglege rapportere i styringsstrukturen for prosjektet. Arbeidsstad vert avtalt nærare, med møteaktivitet på tvers av kommunane i regionen.
Stillinga er midlertidig knytt til eit treårig prosjekt, men med moglegheit for fast tilsetjing etter prosjektperioden. Personleg eignaheit vert vektlagt.
Søk stillinga og bli med på å utvikle framtidas interkommunale samarbeid!
Kontaktinformasjon
Helge Veum, helge.veum@alesund.kommune.noArbeidsstad
Keiser Wilhelms gate 116003 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kommunalområde OrganisasjonReferansenr.: 4936623114
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Keiser Wilhelms gate 11, 6003 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Prosjektledelse, Rådgivning
- FINN-kode
- 397776042
- Sist endret
- 14. mars 2025 09:36
Mer som dette
