Inaktiv

Sunde barnehage treng ringevikarar

Arbeidsgiver
Kvinnherad kommune Sunde barnehage
Frist
30.03.2025

Beskrivelse

Omtale av stillinga

Sunde barnehage treng ringevikarar.

Dette er ein jobb for deg som kan stilla på kort varsel og vera vikar både med dei minste og dei største i barnehagen.

Vi treng ein trygg, varm og deltakande omsorgsperson og ein god rollemedell for barna.

Vi vil at du aktivt skal bidra til å skapa meiningsfulle og inkluderande barnehagedagar fylt av leik, forutsigbarhet og skaparglede.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging og støtte av barn/enkeltelevar/grupper
  • Utviklingsarbeid i samsvar med overordna planar
  • Delta i planlegging, gjennomføring og vurdering av aktivitetar/opplegg i samråd med pedagog
  • Aktivitetar utanfor arbeidsplassen, til dømes ekskursjonar og turar
  • Personleg stell og tunge løft kan inngå i stillinga

Kvalifikasjonar

  • Ynskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
  • Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge

Personlege eigenskapar

  • Er tydeleg og konsekvent som vaksen ovanfor barn og unge
  • Er lærevillig og utviklingsorientert
  • Bør ha gode samarbeidsevner, er positiv og møter kollegaer, barn, foreldre/føresette med respekt og forståing
  • Er positiv, lojal og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12.11, opplæringslova § 17.11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Link til søknadsskjema: Søk her

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
397781720
Sist endret
14. mars 2025 11:21