Sjukepleiar ved Barstadtun omsorgsbustad

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar ved Barstadtun omsorgsbustad
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Barstadtun omsorgsbustadar har eit ledig vikariat for ein autorisert sjukepleiar i perioden 01.05.25 - 06.01.26. Barstadtun er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 25 hyblar/leilegheiter fordelt på tre buenheiter. Denne seksjonen er ein del av Avdeling Heimetenester. Personalet ved Barstadtun er stasjonert på huset for å sikre tryggleik og kontinuitet for bebuarane. Stillinga har todelt turnus med dagvakter i vekedagane og nokre få kveldsvakter knytt til arbeidshelg. For tida er det fire kveldsvakter i turnusen over ein periode på seks veker. På nokre av dagvaktene går ein på topp av den ordinære bemanninga og har sjukepleiaransvar for heile huset, i samarbeid med sjukepleiarar frå Fjordsyn omsorgsbustadar.

Arbeidsoppgåver

Delta i planlegging og gjennomføring av heilheitleg pleie og oppfølging av bebuarane
Primærsjukepleieansvar for ei gruppe bebuarar 
Sjå til at bebuarane har ajourført tiltaksplan i pasientjournal
Medverke til at bebuarane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i samarbeid med fastlege og andre samarbeidspartar
Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar
Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø
Bidra til å kvalitetssikre tenestene
Samarbeid om sjukepleiaroppgåver på tvers av seksjonar

Kvalifikasjonar

Autorisasjon som sjukepleiar
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. (Tilsvarande norsktest nivå B2 for søkjarar som ikkje har skandinavisk morsmål)
Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest og eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose før oppstart i stillinga

Personlege eigenskapar

Relevant erfaring og personleg eignaheit vil verte vektlagt i tilsetjinga
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du fungerer godt i teamarbeid og har evna til å delegere arbeidsoppgåver
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg
Du har fagleg fokus, er ansvarsbevisst og løysingsfokusert
Du er fleksibel og liker utfordringar

Vi tilbyr

Sjukepleiarforum/samarbeid med sjukepleiargruppa på Fjordsyn
Tilgong på elæringskurs frå Visma/ Veilederen og NHI
Gode moglegheiter for kompetanseheving
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Spanande arbeidsoppgåver og utfordringar
Tverrfagleg samarbeid
Eit triveleg arbeidsmiljø saman med ein fin og inkluderande gjeng!
Stillingskode 7174 Sjukepleiar
Løn etter tariff

Kontaktinformasjon

Kirsti Liabø, Seksjonsleiar, +47 94 14 25 15, kirsti.liabo@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4938184524

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.05.2025

Sluttdato: 06.01.2026

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
397783929
Sist endret
14. mars 2025 12:08