FLOR SØKJER KREMMAR! (Eller seljar som det heiter)

Arbeidsgiver
Flor As
Stillingstittel
Selger
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Har du lyst til å selja arbeidsklede til kvinnelege superheltar? Er du klar for å ta butikken vår til neste nivå? Me leitar etter deg som synest sal er gøy, tenkjer litt utanfor boksen, har erfaring frå retail, og som er god på kundeservice. 




Hva vi ser etter

Butikksjefen vår skal ut i foreldrepermisjon, og me leitar derfor etter ein god kandidat som vil tre inn i eit vikariat frå august i år.

Du skal ha ansvar for den daglege drifta av butikken vår med fokus på omsetning, lagerdrift og kundeservice. Du har ei kreativ side og ser kva som trengs for å få fleire kundar, og for å halde arrangement i butikken. I tillegg, ønskjer me at du tek med deg kleda ut på vegen og lagar popup-butikkar rundt om i Norge med jamne mellomrom, samt deltek på messer.

Du må vera strukturert, sjølvgåande, ha kremmarånd og god helse (her er ein del tunge løft😉). Har du i tillegg sertifikat (B), erfaring frå butikk, kjennskap til Tripletex, Zettle, og lyst til å bidra i våre SoMe kanalar, er du akkurat den me ser etter!

Butikken vår ligg i Vangsgata på Voss, og det er sjølvsagt ein fordel om du bur i nærleiken. Håpar du har lyst å bli med oss på reisa for å styrke arbeidskvinna, og skapa eit meir inkluderande arbeidsliv!




Arbeidsoppgaver
  • Daglig drift av Flor sin butikk på Voss med ansvar for omsetning, lagerdrift og kundeservice

  • Ansvar for bemanningsplanlegging og dialog med tilkallingsvikarar

  • Pakke og sende bestillingar frå nettbutikk

  • Planlegge og gjennomføra aktiviteter/arrangement i butikk

  • Ansvar for fakturering

  • Gjennomføra popup butikkar, messer rundt om i Norge





Vi tilbyr

Fordelen med å arbeida i ei lita gründerbedrift, er at du kan påverka eigen arbeidsdag. Du får samarbeida med eit lite superteam på 4 som alle jobbar iherdig mot same mål. Me lovar uformell stemning, godt arbeidsmiljø, en god dose humor og sjølvsagt konkurransedyktige vilkår.

Sektor
Privat
Sted
Vangsgata 39, 5700 Voss
Stillingsfunksjon
Butikkansatt, Kundeservice, Salg
FINN-kode
397784155
Sist endret
14. mars 2025 09:37