Inaktiv

Blir du med på laget?

Arbeidsgiver
Hå kommune ATO Bø skule
Stillingstittel
Lærar
Frist
28.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bø skule har ledig 100% fast stilling og 100% årsvikariat som lærar ved ATO-avdelinga frå 01.08.2025.

ATO står for alternativ tilpassa opplæring og er ei spesialpedagogisk avdeling for Hå kommune. Avdelinga er ein del av Bø skule, og legg til rette for spesialundervisning for 15-20 elevar med ulike behov. Fleire elevar har hjelpemiddel og behov for opplæring i blant anna alternativ støttande kommunikasjon (ASK), fysioterapi, ergoterapi og oppfølging i samband med syn- og hørsel.

Laget vårt består av ulike profesjonar; pedagogar, vernepleiarar, sjukepleiar og fagarbeidarar. Som lærar har du ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning i mindre elevgrupper, samt individuell tilrettelegging. Du vil få tett oppfølging og rettleiing som nytilsett på ATO.

Kvalifikasjonar
Pedagog med godkjent undervisningskompetanse
God IKT-kompetanse
Erfaring med opplæring for elevar med rett på spesialundervisning
Gode kommunikasjonsevner, du må beherske norsk skriftleg og muntlig

Personlige eigeskaper
Du er ansvarsfull, ein tydeleg vaksen og innbyr til tillit.
Du er initiativrik og tar aktivt tak i dei oppgåvene som skal gjerast.
Du tar imot veiledning og råd, og er ikkje redd for å spør om hjelp.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Vålandsvegen 4, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
397790986
Sist endret
17. mars 2025 07:01