Sævarhagen FUS barnehage søkjer lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget frå august 2025

Arbeidsgiver
Sævarhagen Fus Barnehage As
Stillingstittel
Lærling barne- og ungdomsarbeider
Frist
01.04.2025
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Sævarhagen FUS barnehage ligg vakkert til ved Hystadmarkjo på Leirvik. Me har stort fokus på barns medverknad inn i gode gruppefellesskap, og jobbar med prosjektarbeid knytta til natur og friluftsliv.

Gjennom satsinga vår Barnet først! får du auka kompetanse i å legge til rette for god kvalitet for barna i det daglege arbeidet. I tillegg til å vere lærebedrift er me lærarutdanningsbarnehage. Gjennom partnarskap med Høgskulen på Vestlandet har me ei aktiv rolle som praksisbarnehage for framtidige barnehagelærarar.

Me har kokk, minibuss og båt som vert aktivt brukt av barnegruppene. Me tilbyr vasstilvenning i basseng for 4-åringane og coastering i sjø for 5-åringane.

Me er opptatt av å skapa eit godt arbeidsmiljø og trygge, robuste born. Hjå oss er det godt å høyra til!

Fagopplæringa leiar fram til yrkeskompetanse som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Etter avslutta opplæring og gjennomført fagprøve kan du gå rett ut i arbeid. I dine to år som lærling får du erfaring i å omsetja teori til praksis. Du får mellom anna erfaring i arbeidsrutinar, ha og ta ansvar, samt handtere utfordrande situasjonar. Som barne- og ungdomsarbeidar er du ettertrakta i arbeidslivet og vil ha mange moglegheiter.

Stillinga som lærling gjeld frå 15. august 2025, evt tidlegare etter avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Delta aktivt i daglege oppgåver

  • Vera ein tydeleg rollemodell i samspel med barn

  • Planleggja, gjennomføra og vurdera pedagogiske aktivitetar

  • Kommunikasjon og samhandling med barn, foreldre og kollegaer

  • Dokumentera og evaluera eiga opplæring

Kvalifikasjonar

  • Du må ha gjennomført og bestått VG1 og VG2 innan barne- og ungdomsarbeidarfaget

  • Lågt fråvær frå vidaregåande skule

  • Lika å jobba med born

  • Ha personlege interesser for arbeid i barnehage

  • Ha personlege eigenskapar som gjer deg eigna til å arbeide i barnehage

  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest

Personlege eigenskapar

  • Ta initiativ

  • Vera nysgjerrig

  • Forstå arbeidstakarrolla

  • Samarbeide med andre

  • Ha evne til å etablere god kontakt med born

  • Gje og få tilbakemelding og kunne endre eiga åtferd ut frå dette

  • Evne til å reflektere over sin eigen arbeidssituasjon

  • Sjå deg sjølv ut frå eige kompetansenivå

Me tilbyr

  • Læring gjennom praktisk arbeid

  • Tverrfagleg utviklande arbeidsmiljø

  • Utfordrande arbeidsoppgåver

  • Høgt fagleg nivå

  • Kjekke kollegaer og godt miljø

  • Eigen rettleiar i barnehagen

Søknadsfrist 1.april 2025

Sektor
Privat
Sted
Sævarhagen 47, 5416 Stord, 5416 Stord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
397795351
Sist endret
14. mars 2025 10:55