Er du vår nye fastlege på Ølen legekontor?
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Helse
- Stillingstittel
- Fastlege ved Ølen legekontor
- Frist
- 21.04.2025
- Ansettelsesform
- Selvstendig næringsdrivende
Beskrivelse
Jobb som fastlege i Vindafjord kommune – ei unik moglegheit til å kombinere fagleg utvikling og naturskjønne omgjevnader
Som fastlege i Vindafjord kommune får du ikkje berre ei spennande og utfordrande arbeidskvardag, men også eit fantastisk liv i eit område kjent for si imponerande natur. Her, mellom fjordar og fjell, kan du jobbe med eit variert pasientgrunnlag i eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø. Med nærliggande storbyar som Haugesund og Stavanger får du både roen og naturen rett utanfor døra, samtidig som du har tilgang til byliv og kulturtilbod.
Ølen legekontor i Vindafjord kommune søkjer ein engasjert og kompetent fastlege til å overta ein ledig legeheimel. Stillinga gir deg moglegheiten til å jobbe i eit spanande og dynamisk arbeidsmiljø, i flotte nye og lyse lokalar, samlokalisert med legevakta. Legekontoret er godt utstyrt med alt du måtte treng som fastlege. Du vil gå inn i ein attraktiv 8.2 avtale med gode vilkår, der basistilskot, eigenandelar og refusjonar påfell fastlegen, mot at fastlegen betalar ein månadleg sum på driftskostnader. Kommunen held i drift, personell og IT på legesenteret.
Om stillinga:
- Fastlegeheimel ved Ølen legekontor.
- Gruppepraksisen består av fem legeheimlar.
- Fast tilsetjing på attraktiv 8.2 avtale.
- Gode vilkår og arbeidsforhold.
- Fastlegelista er godt etablert og har 900 innbyggjarar på lista.
- Kontoret har dyktig og etablert hjelpepersonell.
- Ei solid interkommunal legevaktordning som ivaretar turnus ihht arbeidsmiljøloven og har 17-dels vaktordning.Legevakta er interkommunal med Etne kommune og har gode fasiliteteter samlokalisert med Ølen legekontor.
Me kan tilby:
- Gode økonomiske vilkår med fastlegeavtale.
- Vindafjord kommune er godkjent som utdanningsvirksomhet.
- Kommunen tilbyr muligheit for spesialisering (ALIS).
- Variert arbeid i eit positivt miljø.
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson.
- God opplæring og samarbeid med andre.
- Rabatt på treningssenter.
- Bedriftskunstlag.
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no).
- Gode moglegheiter for balanse mellom arbeid og fritid i naturskjønne omgivnader.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Fastlege oppgåver
- Pliktig deltaking i Interkommunal legevakt
- 17-delt vaktbelastning med bemanna legevaktsentral og god fastløn for vaktarbeid.
- Tverrfagleg samarbeid med anna helsepersonell og legar ved Vikedal legekontor.
- Legen kan bli tilplikta 20% stilling som tilsynslege.
Kvalifikasjonar:
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering
- Fylle krava til Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse – og omsorgstenest
- Norsk autorisasjon
- God kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge som lege
- Gode ferdigheter i kommunikasjon og samhandling
- Må kunne norsk skriftleg og munnleg
- Legekontoret og legevakta nyttar Hove total journalsystem/pasientsky.
- Legen må ha førarkort og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar:
- Du må lika å arbeida sjølvstendig og ta ansvar.
- Du må ha evne til fleksibilitet, handlekraft,vera omgjengeleg og trivast med almennmedisinsk arbeid.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Litt om Vindafjord kommune:
Vindafjord kommune er eit område med imponerande natur, inkludert fjordar og fjell, som gir eit fantastisk grunnlag for både arbeid og fritid. Kommunen har eit sterkt lokalsamfunn, eit variert kulturliv og gode tilbod for både barn, vaksne og eldre. Vindafjord ligg sentralt i Rogaland, med korte avstandar til større byar som Haugesund og Stavanger.
Legetenesta i Vindafjord kommune:
Kommunen har totalt 3 velfungerande legekontor, (Vikedal legekontor,Ølen legekontor og Vindafjord legesenter.) Totalt 12 fastlegar + 1 Lis 1 lege.
For meir info om stillinga,ta kontakt med:
- Maren T Hustoft 92482820 - Einingsleiar helse - Maren.Hustoft@vindafjord.kommune.no
- Terje Kleiven - tlf 93438664 - Kommuneoverlege -Terje@isvik.no
- Elin Hundhammer Vågen -tlf 91358499 -fastlege Ølen legekontor -huvaagen@gmail.com
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
- FINN-kode
- 397798654
- Sist endret
- 17. mars 2025 07:14