Inaktiv

Reinhaldar og pleiemedarbeidar Fjordsyn

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Reinhaldar og pleiemedarbeidar Fjordsyn
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Fjordsyn døgnbemanna omsorgsbustadar for eldre blir det ledig ei fast stilling frå 14.04.25. Stillingane har 40% reinhaldar to dagar i veka i, tillegg til jobb anna kvar helg med dagvakter i ei 15% stilling. Fjordsyn er ein seksjon i avdeling Heimetenester. Bygget har 29 leiligheiter fordelt på tre bugrupper. Personalgruppa er stasjonert på Fjordsyn og yter helsetenester og praktisk bistand til bebuarane på huset. 

Arbeidsoppgåver

Du vil ha ansvar for reinhald på omsorgsbustaden sine fellesareal og brukarane sine rom. Som reinhaldar er du ansvarleg for å sikre at lokala og romma er reine og presentable. Oppretthalde hygiene og skape eit godt og reint arbeids- og buforhold for andre med oppgåver som støvsuging og mopping. 

Du vil møte brukarar med ulike behov. Du har ansvar for å observere og dokumentere brukarane sin tilstand og i samarbeid med andre helsepersonell iverksette og følge opp nødvendige tiltak. Pleie og praktiske oppgåver vert utført ut frå tiltaksplan for den enkelte bebuar, det kan vere bistand til personleg pleie, forflytning, tilrettelegging for måltider med meir. I tillegg følger det med praktiske oppgåver i avdelinga som rydding, reingjering og anna. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og gi bebuarane eit godt innhald i dagen. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å medverke til eit godt samarbeid og arbeidsmiljø. Dokumentasjon i pasientjournal er også ein viktig del av jobben.

Kvalifikasjonar

Erfaring fra tilsvarende arbeid vert vektlagt

Må kunne norsk språk meget godt både munnleg og skriftleg.

Må ha alminnelege datakunnskaper

Må ha gode evner i kommunikasjon og samarbeid

Må kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest

Vi legg vekt på gode fagkunnskaper inkludert god observasjonskompetanse

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg gode personlege egenskaper og evna til å samarbeide på tvers av faggrupper til bebuarane sitt beste. Vi ynskjer medarbeidarar som:

Ser nye moglegheiter og bidreg til at arbeidsplassen utviklar seg

Liker utfordringar

Likar å arbeide med eldre

Har evnen til å bevare roa og finne dei gode løysingane

Tar initiativ og ansvar

Er fleksibel og har lett for å omstille seg

Har godt humør og bidreg positivt med gode haldningar inn i personalgruppa

Har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med kolleger, pasienter og pårørende

Vi tilbyr

Lønn etter gjeldande tariff

Sjølvstendig og variert arbeid

Tilgang på elæringskurs frå Visma og NHI

Høve til fagleg og personleg utvikling

Triveleg arbeidsmiljø

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktinformasjon

Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, +47 41 40 00 27, lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.no

Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 4

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4938331232

Stillingsprosent: 55%

Fast

Startdato: 05.05.2025

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
397830242
Sist endret
17. mars 2025 07:45