Seksjonssjef for forskingskommunikasjon og samfunnskontakt

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Seksjonssjef for forskingskommunikasjon og samfunnskontakt
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Seksjonssjef for forskingskommunikasjon og samfunnskontakt

Kommunikasjonsavdelinga ved UiB søker en visjonær og strategisk seksjonssjef til å lede seksjonen for forskingskommunikasjon og samfunnskontakt. Seksjonen vil, i hovudsak, hjelpe UiBs fagmiljø med å kommunisere og formidle forsking og ha kontakt med media og ulike samfunnsaktørar. 

Vi ser etter deg som ynskjer å bidra til at UiBs forsking når ut breitt, både lokalt, nasjonalt og, om mogeleg, også internasjonalt. Kommunikasjon og formidling er ei svært viktig del av UiBs samfunnsoppdrag, og seksjonen yter svært viktige bidrag for å leggje til rette for at forsking og kunnskap får den plassen det bør ha i samfunnsdebatten. Du bør ha erfaring frå å jobbe med forskingsformidling, og god kjennskap til mediehandtering og leiarstøtte. Vi er også ute etter deg som er god til å byggje relasjonar, både internt og eksternt. 

Seksjonssjefen vil ha personalansvar for svært kompetente medarbeidarar med arbeidsoppgåver innan forskingskommunikasjon, mediekontakt, sosiale medium og avvikling av større arrangement. Seksjonssjefen vil vere ein del av leiargruppa til Kommunikasjonsavdelinga.


Arbeidsoppgåver:
  • Særskilt ansvar for å bygge opp ein ny seksjon i samarbeid med avdelingas direktør, dette inkluderer å samordne og utvikle arbeidet i seksjonen, leggje til rette for kompetanseutvikling for medarbeidarane og søke relevante samarbeid på tvers i organisasjonen og eksternt
  • Arbeidet ditt vil mellom anna vere knytt til forskingskommunikasjon, samfunns- og mediekontakt, utvikling og bidrag til arrangement og samfunnsarenaer
  • Du vil vere ein nøkkelperson i Kommunikasjonsavdelinga sin kontakt med UiBs faglege leiing og dei ulike fagmiljøa ved fakultet, institutt og forskingssenter
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Utdanning på mastergradsnivå. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensere for utdanningskravet.
  • Relevant erfaring frå strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid, fortrinnsvis frå større komplekse organisasjonar i universitetssektoren
  • Solid fagleg kompetanse innan forskingskommunikasjon og kommunikasjonsrådgjeving 
  • Erfaring frå planlegging og gjennomføring av større arrangement
  • Evne til å sjå heilheit og korleis dei ulike delane av kommunikasjonsfaget speler saman for å bidra til å oppfylle UiBs strategiske mål 
  • Sterk motivasjon til å bidra til å vidareutvikle UiB si Kommunikasjonsavdeling med utgangspunkt i institusjonen sin eigenart
  • Systematisk og initiativrik, ein god lagspelar og relasjonsbyggar, samlande og motiverande leiarstil med dokumenterte resultat

Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.


Vi tilbyr:
  • Fagleg utfordring og utvikling i eit av Vestlandets største fagmiljø for kommunikasjonsarbeid
  • Eit kjekt, dynamisk og engasjerande arbeidsmiljø med hovudkontor i Bergen sentrum
  • Stilling som seksjonssjef (kode 1211). Løn kr 850 000 – 900 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar, mellom anna trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Kommunikasjonsdirektør, Anne Line Grepne: anne.grepne@uib.no / 46865073 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, PR og informasjon, Annet
FINN-kode
397851072
Sist endret
17. mars 2025 08:15