Lærar i språk- og samfunnsfag

Arbeidsgiver
Gol vidaregåande skule, Buskerud fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i språk- og samfunnsfag
Frist
07.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Gol vidaregåande skule har ledig årsvikariat i 50% stilling for lærar med undervisningskompetanse i norsk, engelsk og samfunnskunnskap.  

Gol vidaregåande skule har omlag 300 elevplassar og 65 tilsette fordelt på tre utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag og restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.

Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen.  Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.

Les meir om Gol vidaregåande skule her:  www.gol-vgs

Arbeidsoppgåver

  • undervisning 
  • oppfølging av elevar fagleg og sosialt
  • fagleg-pedagogisk samarbeid
  • funksjon som kontaktlærar vil være aktuelt

Kvalifikasjonar

  • godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk
  • gode digitale ferdigheiter
  • arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg
  • meistre norsk munnleg og skriftleg

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.

Personlege eigenskaper

  • trivast med ungdom
  • er utviklingsorientert
  • ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
  • vera tydeleg klasseleiar
  • kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.

Vi kan tilby

  • godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
  • løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • gode pensjon- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Live Synnøve Surlien, avd leiar, 91763267

Anita Ulsaker, rektor, 40213010

Arbeidssted

Gymnasvegen 27

3550 Gol

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Buskerud fylkeskommune


Referansenr.: 4932411165

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Startdato: 01.08.2025

Sluttdato: 31.07.2026

Søknadsfrist: 07.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gymnasvegen 27, 3550 Gol
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
398255408
Sist endret
17. mars 2025 06:58