Lærer i realfag
- Arbeidsgiver
- Gol vidaregåande skule, Buskerud fylkeskommune
- Stillingstittel
- Lærer realfag
- Frist
- 07.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Gol vidaregåande skule har ledig vikariat i inntil 100% stilling for lærar med undervisningskompetanse innan følgjande fag: matematikk, naturfag, fysikk og informasjonsteknologi.
Gol vidaregåande skule har omlag 300 elevplassar og 65 tilsette fordelt på tre utdanningsprogram: studiespesialisering, idrettsfag og restaurant- og matfag. I tillegg har vi kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.
Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.
Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.
Arbeidsoppgåver
- undervisning i realfag
- oppfølging av elevar fagleg og sosialt
- fagleg-pedagogisk samarbeid
- funksjon som kontaktlærar vil være aktuelt
Kvalifikasjonar
- godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk
- gode digitale ferdigheiter
- arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskelig
- meistre norsk munnleg og skriftleg
Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden.
Personlege eigenskaper
- trivast med ungdom
- er utviklingsorientert
- ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
- vera tydeleg klasseleiar
- kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
- godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
- løn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- gode pensjon- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Endre Ulsaker, avd. leiar realfag, 901 16 272Anita Ulsaker, rektor, 402 13 010
Arbeidssted
Gymnasvegen 273550 Gol
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Buskerud fylkeskommuneReferansenr.: 4932251823
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 07.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gymnasvegen 27, 3550 Gol
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398255413
- Sist endret
- 17. mars 2025 06:58