Inaktiv

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Orstad naturbarnehage, Klepp kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Orstad naturbarnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar med oppstart 04.08.25  

Likar du å vere ute i naturen og ser på naturen som ein fantastisk plass å leike, lære og oppdage? Og har lyst å jobbe saman med den kjekkaste gjengen? 

Då må du søke jobb hjå oss! 

Orstad naturbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg på Orstad i Klepp kommune. Vi er ein naturbarnehage med naturen i fokus. Vi vil gje borna gode opplevingar gjennom leik og læring i naturen. 

Vi har eit godt fagleg miljø med fokus på vidare læring. Pedagogisk leiar er ein del av av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte meo sertifisert barnehage. Marte Meo er ein utviklingstøttande pedagogikk som vert brukt i veiledning av personale for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barna.   

Arbeidsoppgåver

Leie og organisere det pedagogiske arbeidet i fht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehageloven sitt formål og rammeplan.

Pedagogisk leiar er ein del av barnehagens leiarteam gjennom å aktivt samarbeide med styrar, pedagogar, øvrige ansatte og føresette.    

Ta initiativ til å være pådriver for fagleg utvikling og nytenkning, og sjå ein heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.    

Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelingen, og skal jobbe for at både barn, foreldre og medarbeidare har ein god kvardag i barnehagen.   

Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna.     

Kvalifikasjonar

Godkjend barnehagelærarutdanning. For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge kreves det godkjenning for utdanningen fra utdanningsdirektoratet (NOKUT)  

Søkarar må tilfredstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel IV -personal 

Godkjend politiattest må foreliggje før tiltredelse  

For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehageloven §27 og §28 

Personlege eigenskapar

Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste 

Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute 

Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø 

Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta 

Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team 

Du har et bevisst forhold til til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt lederteam 

Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel 

Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv 

Du har fokus på nærvær 

Du må ha helse som er foreneleg med det å jobbe i barnehage 

Vi tilbyr

Trivelege arbeidskollegaer, varierte arbeidsoppgåver og arbeidskvardag

Systematisk oppfølging av styrar

Fadderordning

Lønn for relevant master, og etterutdanning

Klesgodtgjersle erstatta av eiga ordning med innkjøp av arbeidskle

Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Elin Solheim Pedersen, Styrar, +47 45037317

Arbeidsstad

Skogvegen 16

4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune


Referansenr.: 4938436119

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Skogvegen 16, 4353 Klepp stasjon
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398260922
Sist endret
17. mars 2025 09:26