🌲Fast stilling som friluftsentusiastisk pedagog i ein privat Natur- og friluftsbarnehage. Eventus Valen Barnehage AS

Arbeidsgiver
Eventus Valen Barnehage
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eventus Valen Barnehage har ledig ei 100 % fast stilling som bhg.lærar/ped. leiar. Vi ser etter ein friluftsentusiastisk person med ein tydeleg friluftspedagogikk, basert på uteaktiviteter, buss-, båtturer, og nærturer i skog og fjell! Oppstart 1. august.




Hva vi ser etter

Generelle eigenskapar vi ser etter:

  • Du er ein god rollemodell for barna.

  • Du er fagleg reflektert og oppteken av å halda deg oppdatert.

  • Du er interessert i friluftsliv for barn.

  • Du er oppteken av å gi barna gode opplevingar.

  • Du held deg i form til å handsama ein aktiv barnehagekvardag.

  • Du likar å vera aktiv saman med barna inne, ute og på tur.

  • Du likar å vera ute i all slags vêr.

  • Du er god til å samarbeida med andre menneske i alle aldrar.

  • Du har god kompetanse på digitale verktøy og IKT.

  • Personleg eigenheit blir vektlagt.

Vi er opptekne av å vere ein mangfaldig barnehage, så søk gjerne på stillinga sjølv om du ikkje stemmer 100 % med det vi beskriv her.

Nødvendige kvalifikasjonar:

  • Utdanna barnehagelærar eller anna gyldig relevant utdanning.

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Fleire språk er eit pluss.

  • Gyldig politiattest.




Arbeidsoppgaver

Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vera:

  • Vise ein tydeleg friluftsprofil i barnehagen

  • Planlegging, tilrettelegging, dokumentering og synleggjering av pedagogiske aktivitetar evt. saman med avdelingsleiar.

  • Vera ein del av pedagog-teamet i barnehagen.

  • Vera ein del av barnehagens profesjonsfellesskap, halda seg fagleg oppdatert og delta aktivt i kunnskapsutvikling med andre tilsette.

  • Få tildelt eit ekstra ansvarsområde etter eige ynske. Dette kan vera noko du sjølv brenn for å få til (friluftsliv, grønsakhage, leikeområde osb.).

  • Samarbeida på tvers av avdelingar og sjå heile barnehagen som ein heilskap.

  • Vera primærkontakt for halve barnegruppa på avdelinga. Dette inneber å ha foreldresamtalar, tilrettelegging av ekstra behov, kontakt med ulike støtteinstansar og andre tilpassingar som eventuelt følgjer dine primærbarn.





Vi tilbyr
  • Rettleiing for nytilsette på tvers av Eventus-barnehagane.

  • Minibuss og moglegheit for å få dekka førarkort på minibuss og båt.

  • Stor lavvo som kan brukast heile året.

  • Godt utstyrt friluftsbod og gode moglegheiter for utviding.

  • Fleksibel kvardag der kvar avdeling har mykje autonomi.

  • Engasjerte medarbeidarar som er opptekne av pedagogisk kvalitet.

  • Fokus på bruk av plantid for å halde høg kvalitet i barnehagen.

  • Arbeidsklede.

  • Lønn som følgjer PBL sin tariff.

  • Planleggingsdagar med fagleg innhald både i enkeltbarnehagar og felles for alle i Eventus.

  • Mangfaldig arbeidsmiljø med halvparten mannlege tilsette.

Eventus barnehagar har felles årsplan, pluss ein som er tilpassa den enkelte barnehagen. Les årsplanane her: https://eventus.barnehage.no/Innhold/Side/139042

Sektor
Privat
Sted
Valevegen 36, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
398282663
Sist endret
17. mars 2025 09:32