🌲Friluftsentusiastisk pedagog i ein privat Natur- og friluftsbarnehage. Eventus Valen Barnehage AS
- Arbeidsgiver
- Eventus Valen Barnehage
- Stillingstittel
- Barnehagelærer
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Eventus Valen Barnehage har ledig eit 100 % svangerskapsvikariat som bhg.lærar. Vi ser etter ein friluftsentusiastisk persom med ein tydeleg friluftspedagogikk, basert på uteaktiviteter, buss- og båtturer, og nærturer i skog og fjell! Vikariatet varer frå 1. august og kan ende i fast tilsettelse.
Hva vi ser etter
Generelle eigenskapar vi ser etter:
-
Du er ein god rollemodell for barna.
-
Du er fagleg reflektert og oppteken av å halda deg oppdatert.
-
Du er interessert i friluftsliv for barn.
-
Du er oppteken av å gi barna gode opplevingar.
-
Du held deg i form til å handsama ein aktiv barnehagekvardag.
-
Du likar å vera aktiv saman med barna inne, ute og på tur.
-
Du likar å vera ute i all slags vêr.
-
Du er god til å samarbeida med andre menneske i alle aldrar.
-
Du har god kompetanse på digitale verktøy og IKT.
-
Personleg eigenheit blir vektlagt.
Vi er opptekne av å vere ein mangfaldig barnehage, så søk gjerne på stillinga sjølv om du ikkje stemmer 100 % med det vi beskriv her.
Nødvendige kvalifikasjonar:
-
Utdanna barnehagelærar eller anna gyldig relevant utdanning.
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk. Fleire språk er eit pluss.
-
Gyldig politiattest.
Arbeidsoppgaver
Arbeids- og ansvarsoppgåver vil mellom anna vera:
-
Vise ein tydeleg friluftsprofil i barnehagen
-
Planlegging, tilrettelegging, dokumentering og synleggjering av pedagogiske aktivitetar evt. saman med avdelingsleiar.
-
Vera ein del av pedagog-teamet i barnehagen.
-
Vera ein del av barnehagens profesjonsfellesskap, halda seg fagleg oppdatert og delta aktivt i kunnskapsutvikling med andre tilsette.
-
Få tildelt eit ekstra ansvarsområde etter eige ynske. Dette kan vera noko du sjølv brenn for å få til (friluftsliv, grønsakhage, leikeområde osb.).
-
Samarbeida på tvers av avdelingar og sjå heile barnehagen som ein heilskap.
-
Vera primærkontakt for halve barnegruppa på avdelinga. Dette inneber å ha foreldresamtalar, tilrettelegging av ekstra behov, kontakt med ulike støtteinstansar og andre tilpassingar som eventuelt følgjer dine primærbarn.
Vi tilbyr
-
Rettleiing for nytilsette på tvers av Eventus-barnehagane.
-
Minibuss og moglegheit for å få dekka førarkort på minibuss og båt.
-
Stor lavvo som kan brukast heile året.
-
Godt utstyrt friluftsbod og gode moglegheiter for utviding.
-
Fleksibel kvardag der kvar avdeling har mykje autonomi.
-
Engasjerte medarbeidarar som er opptekne av pedagogisk kvalitet.
-
Fokus på bruk av plantid for å halde høg kvalitet i barnehagen.
-
Arbeidsklede.
-
Lønn som følgjer PBL sin tariff.
-
Planleggingsdagar med fagleg innhald både i enkeltbarnehagar og felles for alle i Eventus.
-
Mangfaldig arbeidsmiljø med halvparten mannlege tilsette.
Eventus barnehagar har felles årsplan, pluss ein som er tilpassa den enkelte barnehagen. Les årsplanane her: https://eventus.barnehage.no/Innhold/Side/139042
- Sektor
- Privat
- Sted
- Valevegen 36, 5451 Valen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
- FINN-kode
- 398285255
- Sist endret
- 17. mars 2025 09:50
Mer som dette
