Inaktiv

Avdelingsleiar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndal opplæringssenter
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du klar for ei spennande leiarrolle i eit inkluderande læringsmiljø med fokus på integrering? Me søkjer ein engasjert og relasjonssterk avdelingsleiar til Sogndal opplæringssenter i ei 100% fast stilling. Opplæringssenteret ligg sentralt i vakre Sogndal, omgitt av eit nærområde som inspirerer til variert og inkluderande opplæring. 

Som avdelingsleiar ved Sogndal opplæringssenter vil du vere ein del av eit dedikert team på 16 tilsette. Me tilbyr norskopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne, og me legg stor vekt på respekt og positivitet for å skape eit trygt og motiverande læringsmiljø for deltakarane, samt eit utviklande og spennande arbeidsmiljø for dei tilsette. 

Skulen er ein del av Sogndalsskulen, ein større organisasjon der samarbeid og erfaringsutveksling står sentralt. Sogndal opplæringssenter samarbeider også med vaksenopplæringa på tvers av kommunane. Som avdelingsleiar vil du bidra til å sikre høg kvalitet og utvikling for deltakarane, uavhengig av kvar dei bur i vår langstrakte kommune. 

 

Arbeidsoppgåver 

  • Hovudansvar for det digitale arbeidet ved skulen, inkludert oppfølging av tenester for både tilsette og deltakarar. 

  • Tilrettelegging av pedagogisk utviklingsarbeid i profesjonsfellesskapet. 

  • Organisering av realkompetansevurdering. 

  • Sikre god og heilskapleg koordinering og oppfølging av deltakarar og tilsette ved Sogndal opplæringssenter. 

  • Prøveorganisering og prøveavvikling (grunnskuleeksamen, norskprøver, samfunnskunnskapsprøver, statsborgarskapsprøver). 

  • Samarbeid med ulike institusjonar, deltakarar og nærmiljø. 

  • Bistå rektor med administrative oppgåver. 

  • Vikarhandtering og innkjøp. 

  • Inntil 50% undervising – behovsbasert 

 

Kvalifikasjonar 

  • Relevant høgare pedagogisk utdanning. 

  • God kjennskap til bruk av digitale verktøy. 

  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.  

 

Ønska kvalifikasjonar utover minstekrav 

  • Vidareutdanning - Norsk som andrespråk (30 stp eller meir) 

 

Som skuleleiar i Sogndalsskulen er det forventa at du har, eller er motivert for å ta, rektorskulen eller anna skuleleiarutdanning. Det er også ynskjeleg at du har, eller er motivert for å ta vidareutdanning innan realkompetansevurdering. 

 

Personlege eigenskapar 

  • Gode mellommenneskelege eigenskapar, engasjement og evne til å ta initiativ. 

  • Evne til å jobbe både i team og sjølvstendig. 

  • Strukturert, tydeleg og målretta. 

  • Stor arbeidskapasitet. 

  • Fleksibel og evne til å handtere endringar og nye utfordringar. 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne. 

  • Eit framtidsretta syn på læring og pedagogikk med evne til å sjå teori og praksis i samanheng. 

 

Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar. 

 

Me tilbyr 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Utfordrande arbeidsoppgåver med stor grad av sjølvstende. 

  • Fleksibel arbeidstid med moglegheit for heimekontor. 

  • Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar samt velferdsordningar. 

  • Løn etter avtale. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og sendast inn via vårt rekrutteringssystem EasyCruit. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Hovevegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398314829
Sist endret
17. mars 2025 03:39