Vikariat Bioingeniør
- Arbeidsgiver
- Mikrobiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Vikariat Bioingeniør
- Frist
- 28.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Mikrobiologi Ålesund har ledig 100 % vikariat som bioingeniør. Oppstart snarast eller etter avtale med seksjonsleiar.
Vikariatet kan bli forlenga eller omgjort til fast stilling.
Om avdelinga
Avdelinga utfører laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi for sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Vi har seksjonsleiarar i både Molde og Ålesund. Fagområdet vårt omfattar infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Som ei middels stor avdeling tilbyr vi analyser og tenester som går utover standardrepertoaret, og vi er kjent for høg fagleg kompetanse og god service.
Vi leverer tenester til alle fire sjukehusa i fylket og til primærhelsetenesta. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring, og vi har eit inkluderande arbeidsmiljø med ein variert og tverrfagleg samansett stab.
For meir informasjon om avdelinga, sjå nettsida vår.
Vitnemål, attestar og tenestebevis frå tidlegare arbeidsforhold skal skannast og leggjast ved CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i todelt turnus (dag, kveld og helg).
- Variert og utfordrande arbeid innan medisinsk mikrobiologi.
Bakteriologi:
- Forberede og dyrke mikrobielle prøver frå ulike kjelder.
- Identifisere og klassifisere mikroorganismar.
- Klassifisere mikroorganismars følsomheit for ulike antimikrobielle middel.
Genteknologi:
- Arbeid med ulike PCR-maskiner.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som bioingeniør.
- Relevant praktisk erfaring innan bakteriologisk arbeid blir vektlagt.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert.
- Evne til å tileigne seg ny kompetanse og nye arbeidsoppgåver.
- Sjølvstendig og trygg på eiga kompetanse.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lars Christian Fjørtoft, Seksjonsleiar, lars.christian.fjortoft@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4937774584
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 19.10.2025
Søknadsfrist: 28.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 398325141
- Sist endret
- 18. mars 2025 08:02