Radiograf
- Arbeidsgiver
- Radiologi SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Radiograf
- Frist
- 01.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Radiologisk avdeling ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset har ledig ei 100 % stilling som radiograf i turnus frå og med 01.05.25.
Vi er ein moderne, fagleg sterk og inkluderande avdeling med 29 radiografar som arbeider saman med radiologar og kontorpersonell i eit spennande sjukehusmiljø.
Seksjonen er utstyrt med følgjande modalitetar:
- 3 konvensjonelle røntgenapparat
- 2 CT-maskiner
- 2 MR-maskiner
- 2 mammografiapparat
- 2 gjennomlysingsmodalitetar
- 3 ultralydapparat
Som akuttsjukehus med døgnkontinuerleg drift har vi omfattande og målretta teamtrening på tvers av faggrupper for å sikre høg kvalitet i akuttsituasjonar. Vi utfører eit breitt spekter av undersøkingar, og radiografane rullerer mellom ulike modalitetar.
Vi har ein open og god dialog mellom alle profesjonar i avdelinga, noko som bidreg til eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi har no starta innflyttinga i eit heilt nytt og moderne akuttsjukehus, og frå 25. april 2025 vil SNR vere i full drift. Det nye sjukehuset gir oss eit større fagleg miljø og tilgang til ny, framtidsretta teknologi.
Arbeidsoppgåver
- Røntgen
- Gjennomlysning
- CT
- Mammografi
Kvalifikasjonar
- Bachelor i radiografi
- Norsk autorisasjon som radiograf
- Radiografstudentar i 3. studieår ved høgskular i Noreg kan òg søkje
Personlege eigenskapar
- Du er ein aktiv bidragsytar i vårt gode tverrfaglege arbeidsmiljø
- Du er fleksibel og bidreg der det er behov
- Du kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Du er arbeidsvillig, nøyaktig og ryddig
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Kompetanseutvikling
Kontaktinformasjon
Eli Iren Sildnes, Seksjonsleiar, Eli.Iren.Sildnes@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4923998409
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Radiograf, Sykepleier
- FINN-kode
- 398326269
- Sist endret
- 18. mars 2025 08:06