Inaktiv
Vil du bli vår nye maskinsjef?
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Maskinsjef i sambandet Lote - Anda, p.t. MF Gloppefjord
- Frist
- 01.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du klar for å være med å forme framtida for miljøvennleg transport? Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi streber etter å være den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg
ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Vi har no ei ledig stilling som maskinsjef i sambandet Lote - Anda, p.t. trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Gloppefjord.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil få arbeide med toppmoderne teknologi, og bidra til ei grønare framtid.
- Fleksibel Turnus: 2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige, og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Søkjar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr/komponentar fungerar i samsvar med klasse/styresmaktene sine krav.
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Samarbeid med skipsførar for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Opplæring av personell under si leiing.
- Oppgåver knytt til alarminstruks.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Budsjettering/oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Maskinistforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Turnus: 2 veker på, og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Tonje Natvik, Bemanningskoordinator, +47 908 55 987, tonje.natvik@fjord1.noArbeidsstad
Lote
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4937952050
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6778 Lote
- Stillingsfunksjon
- Annet, Maskinfører og -operatør, Ledelse
- FINN-kode
- 398389403
- Sist endret
- 18. mars 2025 08:43