Helsefagarbeider fast 90 %

Arbeidsgiver
Hjemmetjenester Midt-Telemark
Stillingstittel
Helsefagarbeider - fast
Frist
31.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Til deg som vil vera med på å bidra til at alle kan bu trygt heime!
I heimetenesta arbeider ein ute på bygda i private bustadar og inne i omsorgsbustader.

Heimetenesta i Midt-Telemark er ei avdeling inndelt i 3 soner, Sone Bø, Sone Gvarv og Fagsona. I Fagsona har me team som skal jobbe målretta med «kva er viktig for deg» som pasient i ulike fagfelt som demens, sår, respirasjon, kreft, innsatsteam og sjukepleiar-prosedyrar. Innsatsteamet hjelper pasientar som i periodar treng meir oppfølging for å klare seg mest mogleg sjølve. Me samarbeider på tvers av sonene og fleire tilsette arbeidar i fleire soner.
I tillegg til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, kan me skryte på oss god takhøgde for forskjellige meiningar og mykje innslag av humor.

Me kastar oss ut i alle prosjekt som kan bidra til at me blir den beste heimetenesta, både for atilsette og pasientar.
Avdelinga har årsturnus der man i stor grad er med å påverkar si eiga turnus. Me har langvakter på helg for dei som ynskjer det.


Arbeidsoppgåver

  • Helsetenester og oppfylging av pasientar
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med andre aktørar som lege, ergoterapeut, fysioterapeut og tenestekontor
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Førerkort klasse B
  • Du må kunne kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Ønska kompetanse

  • Erfaring frå helseteneste
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Har evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er strukturerte og løysningsorientera
  • Du må ha godt humør og inneha ein positiv innstilling samt tolmod til å kunne tole psykiske og fysiske krevjande utfordringar
  • Evne til å ivareta og bidra til eit god arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Josefsen, Avdelingsleiar, +47 99358302

Arbeidsstad

Gamleveg 46

3802 Bø i Telemark

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4936204730

Stillingsprosent: 90%

Fast

Startdato: 01.05.2025

Søknadsfrist: 31.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gamleveg 46, 3802 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
398405245
Sist endret
19. mars 2025 06:56