
Lærarstillingar
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing lærarar 2025
- Frist
- 02.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Kom og jobb som lærar i Gulen kommune - de er hjartleg velkomne!
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, har frå nytt skuleår ledig fylgjande:
- I inntil 100% fast lærarstilling frå 01.08.2025
- I inntil 100% fast lærarstilling frå 01.08.2025
- I inntil 100% mellombels lærarstilling frå 01.08.2025 - 31.07.2026
Eivindvik barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Det er pr. no 65 elevar ved skulen. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Eivindvik barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse.
Me søkjer i utgangspunktet grunnskulelærarar på 1-7 klasse. Undervisingskompetanse i blant anna norsk, engelsk, begynnaropplæring er aktuelt. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er naudsynt.
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
- FINN-kode
- 398429677
- Sist endret
- 19. mars 2025 11:45
Mer som dette
