Pedagogisk leiar 100% vikariat i tida 01.08.25-14.08.26

Arbeidsgiver
Edland barnehage, Vinje kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar 100% vikariat i tida 01.08.25-14.08.26
Frist
01.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søkjer etter ein barnehagelærar/pedagog som vil vera med å skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barn. Du må ha evna til å skape gode relasjonar til barn, og ha eit ynskje om å vera med å forme kvardagen til barna i Edland barnehage.

Har du lyst til å vera med å utvikle og prege arbeidet i Edland barnehage, vil me gjerne ha deg med på laget!

Velkomen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det pedagogiske arbeidet på avdeling
  • Medansvar for det pedagogiske arbeidet i heile barnehagen
  • Leiing av dei tilsette på avdeling
  • Vera ein del av leiarteamet i barnehagen
  • Medansvarleg for dagleg drift av barnehagen
  • Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna
  • Bidra til lærande fellesskap i barnehagen
  • Bidra til godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
  • Bidra til at barnehagen har eit godt omdømme

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning
  • Anna relevant pedagogisk utdanning
  • Gode ferdigheiter i norsk, både skriftleg og munnleg (minimum B2)

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, raus og tydleg pedagog
  • Du har evna til å skape gode relasjonar til barn og vaksne
  • Du er engasjert og tek initiativ
  • Du er fleksibel og finn løysingar
  • Du kommuniserer godt med kollegaer, barn, føresette og andre samarbeidspartar
  • Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute
  • Du må trivast i ein hektisk kvardag
  • Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg miljø, med fokus på kvalitet
  • Varierte og spennande utfordringar
  • Ein arbeidsplass prega av humor og glede
  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.

Aktuelle kandidatar blir kontakta, og kalle inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Katrine Grindalen, Verksemdsleiar Edland barnehage, +47 41540655

Arbeidsstad

Storegutvegen 76

3895 Edland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune


Referansenr.: 4939855835

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 01.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Storegutvegen 76, 3895 Edland
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
398430613
Sist endret
18. mars 2025 09:43