Nattevakt, 63 % fast

Arbeidsgiver
Tysnes Kommune
Stillingstittel
Nattevakt, 64,1 % fast - Vågsmarka bufellesskap
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye kollega?

Er du ein person som ser muligheter, har godt humør og ønskjer ein meiningsfull jobb med menneske?

Vågsmarka er eit døgnbemanna  bufellesskap for mennesker med utviklingshemming. Me yte praktisk bistand, har fokus på å ivareta ADL ferdigheter og tenestemottakar sine grunnleggande behov, i tillegg til å legge til rette for sosial deltaking og aktivitet.

Dei tilsette hos oss har ulik fagkompetanse og alderssammensetning. Me er opptatt av å skape eit inkluderande arbeidsmiljø, der alle er med og bidrar. Me yt dei beste tenestene når me trivast på jobb.

No søkjer me etter miljøarbeidar/helsefagarbeidar til fast stilling som nattevakt i 64 %. Her får du bidra til at dei som bur her får ein meiningsfull og innhaldsrik kvardag, samstundes som du får utfordre og utvikle din faglege og personlege kompetanse. Stillinga inneber arbeid i årsturnus som nattevakt med arbeid kvar 3. helg.

Arbeidsoppgåver
  • Planlegga og utføra tiltak og prosedyrar med fokus på målretta miljøarbeid.
  • Yta individuell oppfølging tilpassa den enkelte brukar sine behov.
  • Legga til rette for brukarmedverknad og sjølvbestemming med fokus på brukar si eiga mestring og utvikling.
  • Legemiddelhåndtering etter gjevne retningsliner.
  • Delta på fagmøter og andre kompetanseaukande tiltak.
  • Journalføring og arbeid opp mot gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Personar utan formell kompetanse kan bli vurdert opp mot personlege eigenskapar og erfaring.
  • Gode kommunikasjonsevner og samhandlingsferdigheiter.
  • Erfaring og interesse frå arbeid med brukergruppa er eit føremon.
  • Førarkort kl. B.
  • Grunnleggjande datakunnskap.

Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:

  • Politiattest, jf. helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
  • Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som

  • har ei profesjonell tilnærming til arbeidet og evne til å anvende kunnskap i praksis
  • er engasjert, ansvarsfull og arbeidar målretta med bebuarintervensjonar og oppfølging av desse
  • er fleksibel, initativrik og oppteken av å bidra til godt samarbeid med bebuarar, kollegaer og pårørande
  • trivast med utfordringar, og er løysingsfokusert
  • ønskjer å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

Hos oss vil du få høve til å arbeida med eit viktig og krevjande samfunnsoppdrag. Du blir ein del av eit kunnskapsrikt og godt arbeidsmiljø, der me er oppteken av kunnskapsdeling og -heving.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt høve til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på KLP sine nettsider.

Du blir tilsett i fagarbeidar-stilling, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar. 

Synes du dette verkar som ei spanande stilling eller det er noko du lurar på etter å ha lest annonsa? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersonar i annonsa.

Mangfaldserklæring

Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Sted
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
398435157
Sist endret
18. mars 2025 10:09