Bli ein del av Team Tuva
- Arbeidsgiver
- Uloba - Independent Living Norge Sa
- Stillingstittel
- Brukerstyrt personlig assistent (BPA)
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi ser etter ein engasjert person som vil bli med i Tuva sitt team. Er du ein som finn løysingar der andre ser problem, og som kan bidra til ein trygg og kjekk kvardag for Tuva?
Om stillinga: Vi treng både ordinær assistent og tilkallingsvikarar i vår BPA-ordning. Arbeidstida vert tilpassa dine moglegheiter og våre behov. Vi treng nokon som er fleksibel, som oss.
Oppstart er snarast.
Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag i Team Tuva. Her vil du oppleve både aktive dagar med spennande aktivitetar og rolege stunder med fokus på kvardagslege gjeremål -- begge deler er viktige i Tuva sitt liv. Nokre dagar er de eit team på tandemsykkelen, på SUP-brettet eller i klatreparken, og andre dagar hjelper du til med husarbeid, matlaging eller ein roleg tur i frisk luft.
Å følge Tuva til ulike konsultasjonar, som fysio, tannlege eller liknande kan òg vere aktuelt.
Du bidreg i praktiske oppgåver, fritidsaktivitetar og sosiale samanhengar, og du er hennar støtte på trening, i feriar og i kvardagen generelt. Som BPA for Tuva fungera du som hennar forlengande arm i kvardagen.
I Team Tuva vil du få eit godt og støttande arbeidsmiljø med positiv energi, der du vil bli ein viktig del av kvardagen til ei aktiv og livsglad jente. For ho betyr det å ha rett person ved si side like mykje som den praktisk hjelpa -- det handlar om å vere ei trygg støtte, ein inspirerande ven og bli ein del av hennar reise mot meistring og glede i kvardagen.
Saman kan de skape gode minner og kjenne på meistring!
Vi ser etter deg som:
-
Har ein positiv og løysingsorientert innstilling.
-
Er glad i fysisk aktivitet.
-
Er utadvendt og sosial.
-
Gode empatiske evner.
-
Er fleksibel, påliteleg og har godt humør.
-
Initiativrik og sjølvgåande i arbeidet.
-
Ynskjer ein jobb der du verkeleg kan gjere ein forskjell for eit medmenneske.
-
Er fylt 18 år.
-
Har førarkort klasse B og kan køyre bil.
Kva vi tilbyr:
-
Ein meiningsfull jobb som kombinera omsorg, aktivitet og samarbeid.
-
Ein jobb fylt med opplevingar og variasjon.
-
God fleksibilitet.
-
Gode arbeidsforhold i eit støttande team.
Høyrest dette ut som noko for deg? Vi vil gjerne høyre frå deg!
Om arbeidsleder
Tuva, ei livsglad jente på 18 år som elskar å vere sosial, vere i aktivitet og utforske livet!
Ho likar godt å stikke ein tur i symjehallen, dra på sykkeltur med tandemsykkelen, padle SUP-brett om sommeren og kose seg med is i parken eller på kafè. Shopping er også gøy, men kjekkast når mamma eller pappa ikkje treng å vere med.
Gjennom døgnet treng Tuva også hjelp til ulike kvardagslege ting, det kan vere alt frå å hjelpe til på kjøkkenet til å hjelpe med å vaske håret eller skifte på senga, gjerne med høg musikk på høgtalaren.
Med Tuva blir det sjeldan kjedelig, ho er med på det meste som er gøy!
Arbeidsoppgaver
-
Bistå i fritidsaktivitet, trening og hobbyer
-
Matlaging og/eller tilrettelegging av måltid
-
Bilkjøring
-
Assistere med aktiviteter og daglige gjøremål
-
Assistere med personlig hygiene
-
Husarbeid
-
Assistere på kortere og lengre reiser
Hva forventer jeg av deg?
-
God muntlig og skriftlig fremstillingsevne
-
Du er tålmodig og løsningsorientert
-
Du må være punktlig og pålitelig
-
Du må være fleksibel og serviceinnstilt
-
Førerkort klasse B
-
Du er positiv og jobber selvstendig
-
Må kunne jobbe ferier og helligdager
-
Du må kunne omgås husdyr
Arbeidstid
-
Helg
-
Dag
-
Kveld
- Sektor
- Privat
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- x, 6065 Ulsteinvik
- Stillingsfunksjon
- Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 398458599
- Sist endret
- 18. mars 2025 12:06