Doseplanleggjar sommarvikariat
- Arbeidsgiver
- Kreftklinikken, Helse Bergen HF
- Stillingstittel
- Doseplanleggjar strålebehandling av kreftpasientar - sommarvikariat
- Frist
- 01.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Ved seksjonen lyser vi ut eit 100% engasjement som doseplanleggjar for sommarperioden. Doseplanleggjar vil arbeide i team med andre doseplanleggjarar. Stillinga krev nært samarbeid med andre faggrupper ved avdelinga, spesielt medisinske fysikarar, stråleterapeutar og legar. Ved avdelinga nyttar vi datasystemet Aria med Eclipse og RayStation som planleggingssystem.
Avdelinga har også ansvar for doseplanlegging med protonar, som blir starta som behandlingstilbod no i 2025.
Arbeidsoppgåver
- Den som tiltrer i stillinga vil dagleg delta i arbeidet med utarbeiding av doseplanar for strålebehandling av pasientar.
- Arbeidet krev erfaring med bilete-behandling av CT-, MR- og PET- bilete, samt gode generelle IT-kunnskapar og forståing for datasimulering.
- Arbeidet vil krevje evne til konsentrasjon og presisjon i ein hektisk kvardag.
- Arbeidsplassen vil vere i eit opent kontorlandskap med betydeleg grad av kommunikasjon mellom faggruppene som utarbeider doseplanar.
- Arbeidet er primært dagarbeid.
Kvalifikasjonar
- Vi søker erfaren Radiograf/stråleterapeut som helst har erfaring frå doseplanlegging med Eclipse og/eller Raystation. Erfaring i utarbeiding av planar for intensitetsmodulert behandling samt volumetrisk behandling, er ein fordel.
- Søkarar som ikkje har erfaring frå stråleterapi/doseplanlegging, kan kome i betraktning, forutsatt at annan bakgrunn/utdanning er relevant. Opplæring vil bli tilbydd som ein del av opplæringsplan. Det er ønskeleg at søkarar har tilleggsutdanning i stråleterapi og/eller digital biletebehandling.
- I søknaden ber vi om at dokumentasjon på utdanning ligg ved.
Personlege eigenskapar
- Vi søker medarbeidarar som er fleksible, positive og pasientfokuserte.
- Du må ha god evne til å samarbeide med andre i team.
- Søkarar må kunne tole ein hektisk kvardag, og ha moglegheiter til å yte ekstra innsats når det blir kravd.
- Vi søker medarbeidarar som er motiverte til å inngå i eit team som set pasientane i fokus.
- Vi vil legge vekt på å tilsette ein person som har dei personlege eigenskapene vi ser etter, kombinert med kvalifikasjonar og erfaring.
Vi tilbyr deg
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksitid med primært dagarbeidstid utan helgearbeid
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Turid Husevåg Sulen, Koordinator doseplan, turid.husevag.sulen@helse-bergen.noEinar Waldeland, Seksjonsleiar, 90825553
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4939323187
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 01.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Ingeniør
- FINN-kode
- 398466018
- Sist endret
- 18. mars 2025 02:19