100% vikariat som avdelingsleiar ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kinsarvik skule
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ledig vikariat (med moglegheit for fast tilsetjing) som avdelingsleiar - stillingsstorleik 100 % frå 1. august 2025

 

Info om skulen:

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 170 elevar, og omlag 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen. 



Arbeidsoppgåver:

Vi søker ein avdelingsleiar som er oppteken av skuleutvikling og ynskjer å leia gjennom å lytta, støtta og utfordra. Du vert ein del av leiarteamet vårt som er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Avdelingsleiaren me lyser etter vil få oppgåver rundt pedagogisk utviklingsarbeid, og medansvar for å leia personal og oppfølging av elevsaker. Du vil få ansvar for vikararbeid i samarbeid med den andre avdelingsleiaren. Stillinga inneber ca 50% leiing og 50% undervisning.

 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring 

  • God kjennskap til, og forståing for digitale system

  • Har gjerne leiarerfaring frå før

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

  • Du må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har det

 

Personlege eigenskapar:

  • Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling

  • Er strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingar

  • Likar å leia andre

  • Er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette

  • Har god formidlings- og gjennomføringsevne

  • Er oppteken av elevane si læring, mestring og utvikling

  • Er sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktig

  • Kan handtera periodar med stort arbeidspress

  • Trygg, med godt humør og pågangsmot

 

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Godt pedagogisk utviklingsmiljø

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

  • Hjelp til å finna bustad



Krav:

  • Politiattest

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398466947
Sist endret
18. mars 2025 02:25