Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Hareid kommune, Sektor for velferd
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hareid kommune driftar eit asylmottak og har busett mange flyktningar, i den samanheng har vi  ledig 100-prosent stilling som sjukepleiar. Arbeidsoppgåver vil være knytt til oppfølging  av asylsøkjarar og flyktningar. 

Stillinga har dagarbeidstid og er ledig frå snarast. Vi ønskjer ein medarbeidar som kan bidra positivt inn i eininga, og som vil vere med å vidareutvikle og skape berekraftige helsetenester. 

Stillinga ligger for tida under helse og koordinerande eining. 


Arbeidsoppgåver

  • Jobbe etter gjeldande lover, føreskrifter og nasjonale retningslinjer knytt til helsefremjande- og forebyggande arbeid.
  • Helseundersøking og helseoppfølging
  • Vaksinering
  • Undervising og rettleiing individuelt og i grupper
  • Støttesamtalar og oppfølging av psykisk helse.
  • Delta i utvikling av tenesta
  • Tverrfagleg arbeid
  • Dokumentasjon i HSPRO journalsystem
  • Andre relevante arbeidsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg
  • God kompetanse på digitale verkty
  • Erfaring og evne til å samarbeide tverrfagleg

Personlege eigenskapar

  • Imøtekomande og evne til å skape tillit og gode relasjonar
  • God ansvarsforståing, kommunikasjonskompetanse og samarbeidsevne
  • Du må vere trygg på deg sjølv, og i stand til å handtere uføreseielege situasjonar
  • Vi verdset at du er omsorgsfull, sjølvdriven og løysingsorientert
  • Personleg eignaheit vert vektlagt
  • Førarkort klasse B
  • Krav om politiattest

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og spanande arbeidsmiljø med fagleg dyktige kollegaer
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Forsikrings- og pensjonsordning i KLP

Løn og arbeidsvilkår er etter det som til ei kvar tid gjeld i lover og avtaleverk. Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.

Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant. 

 

Kontaktinformasjon

Ottar Eiksund Røyset, Kommunalsjef, +47 97797373

Arbeidsstad

Teigevegen 55

6060 HAREID

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Hareid kommune


Referansenr.: 4939814770

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Teigevegen 55, 6060 Hareid
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
398468559
Sist endret
19. mars 2025 06:23