Nynorskpraktikant

Arbeidsgiver
Stiftinga Nynorsk avissenter
Stillingstittel
Nynorskpraktikant
Frist
15.04.2025

Beskrivelse

Vil du bli journalist – her får du opplæring med lønn

Nynorsk avissenter søker etter deg som vil bli journalist og skrive på nynorsk.

Vi kan tilby eit halvår som vil bli eit lite eventyr fylt av spenning, ny kunnskap, nye opplevingar, meistring og mykje sosialt.

Vi tilbyr plass for fem praktikantar i kull 25. Praktikantkurset startar 18. august 2025 med fire månader i Firda Media i Førde, deretter to månader journalistpraksis i sjølvvald avis i januar og februar 2026.

Lønn i heile opplæringstida.

Etter 24 kull har vi lært opp 106 nynorskpraktikantar sidan starten i 2013. Over halvparten av dei arbeider som journalist i dag.

No ser vi etter nye praktikantar.

Nynorsk avissenter samarbeider med NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som driv tilsvarande opplæring for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Dei har same søknadsfrist, 15. april.

Vi tilbyr

  • Eit halvt år effektiv og intensiv opplæring i journalistikk
  • Fire månader praksis i Firda Media og to månader i sjølvvald avisredaksjon
  • Variert trening i produksjon for avis og sosiale medium
  • Førelesingar i m.a. språk, presseetikk, kjeldekritikk og journalistisk metode
  • Innføring i video, foto, strøyming, frontredigering, gravejournalistikk, datastøtta journalistikk
  • Tett oppfølging frå erfarne journalistar og lærarar
  • Attest frå Nynorsk avissenter og praksisavis
  • Hjelp til å skaffe bustad i Førde

Du har

  • Lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist
  • Samfunnsinteresse og -engasjement
  • Stå-på-vilje, likar utfordringar og høgt tempo
  • Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre
  • Førarkort klasse B

Vi ønskjer søkjarar frå heile landet og tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning. Hugs attestar og vitnemål når du søkjer. Les meir på heimesida vår.

Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden

Stiftinga Nynorsk avissenter gir nynorskpraktikantar opplæring og praksis i journalistikk. Vi held til i Førde, med Firda som vertsavis, og tar inn fem praktikantar i halvåret. Vi samarbeider tett med NRK Nynorsk mediesenter og har fleire felles førelesingar. Føremålet vårt er å få fram nynorskbrukande journalistar med høg digital kompetanse. To av tre arbeider i dag i mediebransjen. Vi har hatt eksterne praksisplassar i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Firda, Nationen, Framtida, Hallingdølen, Haugesunds Avis, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Bø Blad, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sogn Avis, Stavanger Aftenblad, Sunnmørsposten, Svalbardposten, TV2, Vestnytt, BA, Nettavisen og Vårt Land. Opplæringa er finansiert av Kulturdepartementet og Firda Media/Amedia.

Sektor
Privat
Antall stillinger
5
Sted
6800 Førde
Stillingsfunksjon
Journalist, Annet, Produksjon
FINN-kode
398477155
Sist endret
18. mars 2025 01:48