Fastlegeheimel 3x vikariat ved Ørsta helsesenter

Arbeidsgiver
Helse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune
Stillingstittel
Fastlegeheimel, vikariat ved Ørsta helsesenter
Frist
08.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Ørsta kommune er det ledig vikariat som fastlege ved Ørsta helsesenter.

  • ein heimel med listetak 650 i perioden 01.06.25 - 01.06.26 (oppstart 01.05.25 kan vere aktuelt)
  • ein heimel med listetak 735 i perioden 01.07.25 - 31.07.26 
  • ein heimel med listetak 820 frå medio mai til ca. 01.09.25. Kan bli forlenga
Skriv i søknaden kva for vikariat du søker på. Det er ein fordel om du kan vere vikar i heile perioden, men vi vil også vurdere søknadar som ikkje dekker heile perioden. 

 

Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.

Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.

Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga. Det er ein fordel om du ønsker å vere næringsdrivade fastlegevikar, men fast løn kan også vurderast.

Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.

Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling

Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.



Arbeidsoppgåver

Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.

Dette inkluderer

  • deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta
  • ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §12

Kvalifikasjonar

Du må

  • oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten
  • uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • ha førarkort klasse B
  • legge fram politiattest av nyare dato før oppstart

Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein lege som

  • er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen
  • samarbeider godt både internt og eksternt
  • ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret
  • er opptatt av å skape gode pasientmøte
  • ser verdien av tverrfagleg samarbeid
  • synest det er spanande med variasjon og fart i allmennpraksis
  • tek ansvar for pasientlista si, og taklar tempoet dette tidvis krev

Vi tilbyr

  • nye og trivelige lokalitetar
  • ALIS-avtale
  • godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt
  • ei god blanding av erfarne og nye fastlegar
  • ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt
  • god avtale som næringsdrivande lege

Kontaktinformasjon

Martinus Velle, Tillitsvald legeforeininga, vellem89@hotmail.com

Runa Bakke, Tenesteleiar helse, tildeling og koordinering, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 28A

6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4936030286

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.04.2025

Sluttdato: 05.06.2026

Søknadsfrist: 08.04.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Dalevegen 28A, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
398482426
Sist endret
19. mars 2025 07:11