80% vikariat som BPA
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Brukarstyrt personleg assistent ( BPA ) til gut på 16 år
- 80 % i turnus, 12 mnd vikariat frå juni 2025
Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand, retta mot personar med langvarig og stort behov for hjelp i kvardagen. Tiltaket organiseres av ein arbeidsleiar, som gjerne er brukar sjølv eller pårørande.
Tenestemottakar er 16 år og bur saman med familien i Tyssedal. Målet er at han skal kunne bo åleine i eige tilrettelagt hjem når han blir voksen med hjelp av sine assistenter. Han er en glad gutt med mange interesser, som bading både i basseng og sjø, sykkling , tur/ferie, kino, og mer. Vår målsetting er å leggje til rette for at han skal mestre eigen kvardag i skule og fritid, og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader.
Assistentane skal dekke tenestemottagars behov heile døgnet kvar dag i veka, omfattar òg helger og ferie. Arbeidsstad er hovudsakleg i heimen til tenestemottakar Tyssedal, men assistentane fylgjer guten der har er til enhver tid. På dagtid i vekene treng han fylgje på skole. Utanom det så treng han bistand på jobb, fritidsaktiviteter, i sosialt samvær med familie og venner, eller på små og store turar/ferie.
Det er ynskjeleg at du kan jobbe 12-timars dagvakter i helger og ferier.
Hovudarbeidsoppgåver
- Oppgåvene er knytt til å vere tenestemottakars støttespelar i heim, skule og fritid, samt bistå familien slik at de får ein god kvardag.
- Kvardagsmeistring
- Delta i fysisk aktivitet som feks symjing, sykling, treningssenter og turar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø i teamet rundt guten.
Du må
- ha godt humør, initiativ og tålmodighet
- vere fleksibel med tanke på arbeidsoppgåver.
- vere imøtekommande, engasjert, strukturert, blid og sjølvgåande
- ha gode norskkunnskaper, kunne køyre bil klasse B, vere løysingsorientert og endringsvillig.
- Det vil bli lagt vekt på at du er personleg skikka
Vi jobbar med tverrfagleg samarbeid rundt guten med fokus på det som til ei kvar tid er viktig for han. Det er ikkje krav om helsefagleg bakgrunn i stillingane, men det vil vere ein fordel om du har det.
Nødvendig rettleiing og opplæring blir lagt til rette av mor, som er arbeidsleiar for tilbodet rundt guten.
Det er krav om politiattest for stillingane
Kontaktperson:
Grethe Svan, arbeidsleiar, tlf 45 68 55 84
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Stillingsfunksjon
- Annet, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 398580295
- Sist endret
- 19. mars 2025 12:30