Sjukepleiar 100 % vikariat, organisert i sjukepleiestab

Arbeidsgiver
Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % vikariat, organisert i sjukepleiestab
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar p.t ved Sykkylven Bu og aktivitetssenter ( BUAS), frå ca juni 2025 - august 2026.
Stillinga er todelt da eininga omstiller organisering av 8 sjukepleiarar. Det er 60 % av stillinga som er i stab og yte tenester til alle avdelingar. Resterande 40 % av stillinga er knytt til heildøgnsomsorg sone 1.

Det er turnusarbeid med dag/kveld, langvakter på 12.5 timar og arbeid kvar 4. helg. Helga og langvaktene er knytt til stabfunksjonen.

Dette er ny organisasjonsform for oss, og du kan vere med å påverke etablering og utviklinga av denne tenesta.

På Buas er det totalt 60 plassar fordelt på 4 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente,  2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar. På omsorgssenteret er det også korttidsrehab avdeling og 1 KAD plass som er organisert under heimetenestene.

Ved interne omrokkeringar, kan andre stillingar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande

 

  • Stabfunksjonen skal sikre sjukepleiekompetanse til alle pasientane i eininga. Nokre oppgåver vert satt i system, noko kan bli akuttoppdrag.
  • Kvalitetsarbeid ved opplæring og kompetanseheving av assistentar og nytilsette, sikre ajourhald av pasientjournalar, kartleggingar, palliasjon, samtale med pårørande-/pårørandestøtte m.m. Yte tenester der det er behov i dei ulike avdelingane

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer
  • Gjerne erfaring frå veileding og kvalitetsutvikling

Personlege eigenskapar

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Lillian Urtegård, avdelingsleiar, +4792216316, lillian.urtegard@sykkylven.kommune.no

Wenche Oldeide, Einingsleiar, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune


Referansenr.: 4928532409

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Haugneset 16, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
398581158
Sist endret
19. mars 2025 12:30