Kulturskulelærar
- Arbeidsgiver
- Avdeling kultur, Fyresdal kommune
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar
- Frist
- 11.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fyresdal kulturskule er ein del av kulturavdelinga i Fyresdal kommune, som ligg i sektor for kultur og oppvekst. Kulturskulen gjennomfører si undervisning på Gimle skule, i lyse, trivelege og godt utstyrte lokale.
Fyresdal kulturskule har ledige stillingar innan:
- Piano og vokalundervisning - 20 %
- Korpset; Junior, aspirant og korps i skulen - 15 %
- Assistent dans og turn på timebasis
Arbeidsoppgåver
Piano og vokal:
- Planlegge og gjennomføre pianoundervisning til barn og unge
- Tilrettelegge undervisninga etter elevanes nivå og behov
- Førebu elevar til konsertar og framføringar
- Bidra til eit godt fagleg og sosialt miljø
Korps; Junior, aspirant og korps i skulen:
- Grunnleggande undervisning i korpsinstrument
- Notelære
- Motivere og inspirere unge til korpsdeltaking
- Kontaktperson for dei unge ved arrangement og turar i korpset
Assistent til instruktør i dans og turn:
- Assistent for instruktør i dans og turn
- Rigge opp og rigge ned
Kvalifikasjonar
Piano og vokal:
- Utdanning innan musikk, musikkpedagogikk er ysnkjeleg
- Erfaring med undervisning i piano
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å inspirere og motiver elevar
- Sjølvstendig og strukturert
Korps; Junior, aspirant og korps i skulen:
- Ynskjeleg med relevant utdanning
- Søkarar med relevant erfaring kan og bli vurdert
Assistent dans og turn:
- Erfaring frå dans og turn ein fordel
- Erfaring med arbeid med barn og unge
Personlege eigenskapar
For undervisningsstillingane er det ynskjeleg med fylgjande eigenskapar:
- Utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig ville bidra til tverrfagleg samarbeid
- Likar utfordringar
- Gode digitale ferdigheiter
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Moglegheit for å få vere med å forme undervisningtilboda
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffe bustad
Kontaktinformasjon
Hilde Martini Momrak, Avdelingsleiar kultur, +47 95 27 09 05, hilde.momrak@fyresdal.kommune.noArbeidssted
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4940346301
Stillingsprosent: 20, 15, 0%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 11.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 398589395
- Sist endret
- 19. mars 2025 01:51