Lærar i Teknologi- og industrifag

Arbeidsgiver
DAL - DALE VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i Teknologi- og industrifag
Frist
10.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dale vidaregåande skule ligg i Dale i Sunnfjord som er kommunesenteret i Fjaler kommune. Skulen tilbyr Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Helsearbeidarfag, Teknologi- og industrifag, Industriteknologi og Påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg har vi vaksenopplæring innanfor helsearbeidarfaget, såkalla MFY (modulstrukturert fag- og yrkesopplæring). Dale vgs er ein stad der elevar og tilsette trivst i lag, miljøet er svært godt og stimulerer til utvikling og læring. Det er i dag vel 170 elevar og ca. 40 tilsette ved skulen. Visjonen vår er "Vilje til visdom og vennskap". Heimeside: www.dale.vgs.no

LÆRAR I TEKNOLOGI- OG INDUSTRIFAG


Arbeidsoppgåver

Undervisning i programfaga på vg1 Teknologi- og industrifag og på vg2 Industriteknologi. Opplæringa er både teoretisk og praktisk og lærar har ansvar for fagleg oppfølging, rettleiing og vurdering. Lærar utarbeider digitale arbeidsplanar og gir elevane høve til å lære og utvikle fagkunnskapar ut frå sine føresetnader. Vi legg vekt på nært samarbeid med næringslivet og lokale bedrifter. Det er også ei forventning om tett samarbeid i fagseksjonen. Kontaktlærarfunksjon vil vanlegvis bli lagt til stillinga. 

Kvalifikasjonar

Relevant fagbrev og praksis frå arbeidslivet i botn. Fagskule eller anna utdanning innan teknologi- og industrifag er ønskjeleg. Viktig at du er interessert i CNC, automatisering, 3D-modellering og mekanisk arbeid. For å få bli tilsett i undervisningsstilling må ein ha formell pratisk-pedagogisk utdanning eller vere villig til å skaffe seg det.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein stødig og utviklingsorientert lærar som har gode fagkunnskapar og som brenn for faget. Du må også ha evne til å knyte gode relasjonar til elevane og motivere dei for gode læringsøkter. Du må trivast med å arbeide i lag med ungdom og ha gode samarbeidsevener, samtidig som du er ansvarsbevisst og kan jobbe sjølvstendig på ein strukturert måte. 

Vi tilbyr

- eit utviklingsorientert og engasjerande fagmiljø

- stimulerande fellesskap med kollegaer

- faglege utviklingsmoglegheiter

- løn etter offentleg regulativ i samsvar med utdanning og praksis

- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

- Prøvetid på 6 månader

 

Før tilsetjing må ein leggje fram politiattest.

 

Kontaktinformasjon

Gro Fivelsdal, rektor                        , 90149611

Arbeidsstad

Jarstadvegen 28

6963 Dale i Sunnfjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4935530968

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Jarstadvegen 28, 6963 Dale i Sunnfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398591483
Sist endret
19. mars 2025 02:13