Tannpleiar

Arbeidsgiver
IDI - Norheimsund/Odda klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannpleiar
Frist
03.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig 100% stilling som tannpleiar frå 01.08.25.25. Tenestestad er for tida ved Norheimsund tannklinikk. Norheimsund tannklinikk er ein klinikk for 3 tannlegar og 2 tannpleiarar. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver. 

Norheimsund er ein tettstad og administrasjonssenter i Kvam herad i Vestland fylke. Tettstaden har 4 619 innbyggere per 1. januar 2023, og ligg 74 km (omlag ein times kjøring ) fra Bergen langs riksvei 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av de mest kjente fossane i landet, Steinsdalsfossen (eller egentlig Øvsthusfossen), ligg i Norheimsund.
Norheimsund er eit handelssenter i ytre Hardanger. Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtrutar til Utne og Odda, og bussrutar til Bergen, til Voss, og til Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad.

 


Arbeidsoppgåver

  • Jobbe i fyrstelinjetenesta og ha ansvar for utadretta verksemd i samråd med klinikkleiar og kollegaer
  • Klinisk arbeid som omfattar alle pasientgrupper, innklusive vaksne betalande pasientar
  • Halde seg fagleg oppdatert og følge gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt jobbe for å nå målsettingane til Vestland fylkeskommune
  • Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt felles oppgåver for drift av klinikken

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannpleiar og beherske norsk munnleg og skriftleg. Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram gyldig politiattest. Relevant informasjon for søknaden må være oversett til norsk.

Personlege eigenskapar

  • Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
  • Arbeider sjølvstendig og meistrar travle dagar
  • Er positiv og serviceinnstilt
  • Har gode kommunikasjon og samarbeidsevner og evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande,medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
  • Ha fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
  • Det vert vektlagt at søkjar er personlig eigna til stillinga

Vi tilbyr

Løn etter tariffavtale.
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjord

 

Kontaktinformasjon

Linda Stadheim Valland, klinikkleiar (tannlege), 45485176

Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Gamle Dalavegen 15

5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4940899500

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Gamle Dalavegen 15, 5600 Norheimsund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
398601838
Sist endret
19. mars 2025 03:31