Tannhelsesekretær

Arbeidsgiver
IDI - Sveio/Bømlo klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær/assistent
Frist
03.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ved Bremnes tannklinikk er der ledig 100%  sommervikariat som tannhelsesekretær/assistent frå 30.6.25 tom 15.08.25

Bremnes tannklinikk er ein tannklinikk med 3 tannlegar, 1,6 tannpleiarar og 3,6 tannhelsesekretærar

Kvalifikasjonar

Søkjar må ha autorisasjon som tannhelsesekretær. Anna relevant helsefagleg bakgrunn kan vurderast. 
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Den som vert tilsett må leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar. 
Vi søkjer deg som:
- Likar å jobbe med menneske og som set pasienten i fokus
- Arbeider sjølvstendig og mestrar travle dagar
- Er positiv og serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner
- Har gode samarbeidsevner
- Har fagleg integritet og fokus på fagleg utvikling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- Har evne til å skape gode relasjonar til pasientar, pårørande, medarbeidarar og andre samarbeidspartnarar
- Ønskjer å være med på å utvikle Vestland tannhelseteneste

Det vert vektlagt at søkjar er personleg eigna til stillinga.

Vi tilbyr

-         ei spennande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
-          gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
-          godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom klinikkleiar og kollega
-          løn etter gjeldande tariff
-          fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode offentlege forsikrings- og pensjonsordningar

Andre opplysningar
Alle nytilsettinga i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 mnd.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2 ledd kan opplysninga om søkjaren bli offentleggjort sjølv om ein har oppmoda om ikkje å bli sett på offentleg søkjarliste. Om du har bedt om unntak, vil du bli varsla før søkjarliste vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Svortlandsvegen 117
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4941051281
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 30.06.2025
Sluttdato: 15.08.2025
Søknadsfrist: 03.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svortlandsvegen 117, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Tannhelse, Annet
FINN-kode
398611891
Sist endret
20. mars 2025 08:05