
Barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande, i inntil 100% mellombels stilling
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing barne- og ungd.arb/tilsv., i inntil 100% mellombels 25/26
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Om stillinga
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Anna
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule, søkjer etter i inntil 100% mellombels stilling som barne- og ungdomsarbeidar/tilsvarande kompetanse, frå august 2025 - august 2026.
Stillinga er i hovudsak knytt til avdeling skule og SFO, men arbeidsoppgåver i barnehage kan verte aktuelt ved behov. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet ved eininga, men ein del av oppgåvene vil vere knytt til ukrainske elevar, slik situasjonen er no.
Eivindvik barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdeling. Det er pr. no 65 elevar ved skulen. Klikk deg innherfor meir informasjon om skulen.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at skule, SFO og barnehage er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
- Arbeidsoppgåver knytt til enkeltborn
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar.
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398640868
- Sist endret
- 19. mars 2025 03:12
Mer som dette
