Dataspelrådgivar (vikariat)
- Arbeidsgiver
- Norsk filminstitutt
- Stillingstittel
- Dataspelrådgivar
- Frist
- 10.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Norsk filminstitutt skal medverke til eit breitt utval av norske kvalitetsspel, og legge til rette for ein robust og berekraftig spelbransje som kan hevde seg i den internasjonale marknaden. Vi gir tilskot til utvikling, lansering og formidling av spel som kulturuttrykk. Vi bidrar også til arrangement og kompetansebygging i heile landet for å skape ein dataspelkultur som er tilgjengeleg, inkluderande og trygg for alle som vil ta del.
I NFI arbeider vi ut frå at måla våre blir nådd best gjennom samhandling på tvers og deling av erfaringar og kompetanse.
Stillinga er eit vikariat i 100 % stilling med oppstart seinast 01.09.2025 og fram til 19.06.2026. Stillinga er organisatorisk plassert i seksjon for Spill og MEDIA Desk, og har arbeidsstad i Oslo.
Kven er du?
Vi ser etter deg som har gode samarbeidsevner, men som kan jobbe sjølvstendig og har evne til å ta sjølvstendige avgjerder. Du kan kommunisere godt, både skriftleg og munnleg, og har ei ryddig og strukturert tilnærming til arbeidsoppgåvene.
Arbeidsoppgåver
Medverke i saksbehandlinga av tilskotsordningane til seksjonen gjennom å:
- legge til rette for søknadsrundar/utlysingar
- vurdere søknader
- vurdere rapporteringar
- informere om ordningane
- tekstproduksjon til pressemeldingar/nettsider
Medverke i gjennomføring av prosjekta til seksjonen gjennom:
- tekstproduksjon
- oppfølging av framdrift
Krav til kompetanse
- Relevant høgare utdanning minimum på bachelornivå, for eksempel innan dataspel, prosjektleiing, kulturformidling og/eller innovasjon. Realkompetanse innan dataspelfeltet kan erstatte krav til utdanning.
- Gode skriftlege og munnlege formuleringsevner på norsk
- Kunnskap om dataspel generelt
Det er òg ønskeleg at du har
- erfaring frå spelbransjen
- erfaring med prosess- og/eller prosjektleiing
- erfaring frå offentleg tilskotsforvaltning
- mangfaldskompetanse
Det er ein fordel om du har god talforståing og gode formuleringsevner på engelsk, både skriftleg og munnleg.
At personen høver i stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med statens lønsregulativ. Stillinga som rådgivar (SKO 1434) vil bli lønna frå kr 650 000 – 690 000 brutto per år, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast.
- Eit dynamisk og kompetansedrive arbeidsmiljø
- Nye, oppgraderte lokale i Dronningens gate i Oslo
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode vilkår for pensjon, bustadlån og forsikringar
- Fleksibel arbeidstid
- Interne filmframsyningar av aktuelle norske filmar og månadens film på Cinemateket
- Gratisbillettar til dei fleste av Cinematekets visningar
- Gratis digitalt interaktivt treningstilbod, rabatt på treningsstudio og delvis refusjon av treningsavgift
Andre opplysningar
Norsk filminstitutt jobbar kontinuerleg med forbetring og endringar og har ambisjon om å vere ei framoverlent verksemd innan mangfald og inkludering. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar, uansett alder, kjønn, seksuell orientering, funksjonsevne, etnisk eller sosial bakgrunn, til å søke på stillinga. Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om Positiv særbehandling når man søker jobb i staten
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkarane kan bli gjorde offentlege. Dersom du ønsker å søke om unntak frå offentlegheit, ber vi deg opplyse om dette og grunngje det når du sender inn søknaden.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dronningens gate 16, 0152 Oslo
- Stillingsfunksjon
- Annet, Prosjektledelse, Rådgivning
- FINN-kode
- 398644360
- Sist endret
- 21. mars 2025 02:10