Lege i spesialisering indremedisin, nyremedisin og lungesykdommer
- Arbeidsgiver
- Medisinske legar SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering indremedisin, nyremedisin og lungesykdommer
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du lyst til å jobbe på Norges nyaste og triveligaste indremedisinske seksjon?
Vår ambisjon er å vere ein av Norges beste indremedisinske seksjonar, med spesielt fokus på kvalitet, utdanning og arbeidsmiljø. I april flyttar vi inn i eit splitter nytt sjukehusbygg på Hjelset, 15min aust for Molde sentrum. Vi slår då saman fagmiljøa frå sjukehusa i Kristiansund og Molde. Medisinske legar vil bestå av ca 60 legar, samt 19 LIS1, og vi har spesialistar i samtlige indremedisinske fag. Vi er godkjent for utdanning i indremedisin, kardiologi, lungesjukdommar, gastroenterologi, hematologi, infeksjonsmedisin, endokrinologi, geriatri og nyremedisin. Sengepostane er fagseksjonerte, og vi vil i løpet av 2025 opprette ei indremedisinsk senge-eining kor vi samlar pasientar med samansette indremedisinske problemstillingar, samt pasientar med nyremedisinske og endokrinologiske problemstillingar.
LIS3 blir prioritert til opplæring og utdanning. Etter endt introduksjonsperiode vert du fulgt opp vidare av rettleiar, med tid til rettleiing avsett i plan x 2/mnd, og med halvårlege vurderingskollegium. Du får god opplæring i vaktarbeid, medisinsk mottaksteam og i ultralyd for indremedisinarar, og du får ein kollegafadder som kan støtte deg litt ekstra i starten. I løpet av 2025 vil vi opprette eit sertifiseringsprogram i ultralyd for indremedisinarar, og samtlige LIS hos oss vil få moglegheit til å bli sertifisert i løpet av første år som LIS. Ein har gode moglegheiter for å delta på kurs og konferanser. Hos oss er alle på laget like viktige, og du skal få gode moglegheiter for fagleg utvikling til beste for pasientane våre. Vi har eit svært godt arbeidsmiljø. No får vi nye og flotte lokaler også. Vi har kaffe i koppen, is i fryseren, fredagsbingo, felles lunsjer og åpen-dør kultur.
Vi har to vaktsjikt for LIS, LIS3-juniorsjikt (15-delt) og LIS3-seniorsjikt (10-delt). Kvalifikasjonskrava for LIS3-seniorsjiktet er totalvurdering i vurderingskollegium, 2 års ansiennitet, samt erfaring fra intensiv/overvåkning og kompetanse på ultralyd for indremedisinarar. Overlege er tilstade på huset til kl.21, og vi har anestesilegar, kirurg, ortoped, nevrolog og radiolog tilstade på huset heile døgnet. Her er det lite nok til at alle kjenner alle, men stort nok til at du ikke må bere på meir ansvar enn du bør, og du er heller aldri åleine.
Vi treng no å få ein ny LIS3 med på laget. Om du er interessert i indremedisin, nyremedisin eller lungesjukdommar, så er vi interessert i deg!
Vil du lære indremedisin i eit fantastisk arbeidsmiljø, omringa av nokre av Norges flottaste fjell? Sleng inn ein søknad da!
Arbeidsoppgåver
- Deltaking i gjeldende vaktordning
- Arbeid som LIS3 ved både sengepostar, korttidspost og poliklinikk
- Rettleiing og supervisjon av LIS1
- Du vil få mykje ansvar, men innafor trygge rammer
- God og systematisk opplæring i vaktrelatert arbeid, samt i ultralyd for indremedisinarar
- Med bakgrunn i eigne interesser tilrettelegg vi så godt som mogleg for personleg og fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanningen, eller turnustjeneste etter gammel ordning.
- Mestre norsk språk - skriftleg og muntleg.
- Erfaring innan indremedisin eller anna relevant spesialisering er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du er positiv
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Du jobbar godt aleine og i team
- Du er opptatt av evidensbasert medisin, og å jobbe kontinuerleg med fagleg utvikling
- Du er strukturert og fleksibel
- Du deltar aktivt i arbeidet med å utvikle seksjonen og for eit godt arbeidsmiljø
- Du er svolten på ny kunnskap og erfaring
Vi tilbyr
- Ei glitrande moglegheit til å bli ein god indremedisinar i ei avdeling som verdset både fagleg spisskompetanse, men også generalist kompetanse
- Spesielt godt arbeidsmiljø og ein triveleg arbeidskvardag med stort fagleg fokus
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ida Camilla Monn Birkhaug, Seksjonsleder (lege), 92433378, Ida.Camilla.Monn.Birkhaug@helse-mr.noArbeidsstad
Molde sjukehus6412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4934415334
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Molde sjukehus, 6412 Molde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Lege
- FINN-kode
- 398723647
- Sist endret
- 20. mars 2025 09:05
Mer som dette
