Brannforebyggjar (feiar) / Praksiskandidat

Arbeidsgiver
Stryn Kommune
Stillingstittel
Brannforebyggjar (feiar) / Praksiskandidat
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Det er ledig 100% stilling som feiar/brannforebyggar i Stryn kommune. Dersom det ikkje melder seg fagutdanna feiar, vil Stryn kommune vurdere å tilsetje ein vaksen person som forplikter seg til å ta fagbrev som feiar (praksiskandidat). 

Stryn kommune inngår i det brannforebyggande samarbeidet med Stad og Gloppen kommunar, og feie-/brann-forebyggarstillingane er ein del av samarbeidet. Som følge av dette kan vi tilby eit sterkt fagleg miljø innan forebyggande brannarbeid med tre branninspektørar og fem feiar/ brannforebyggarar. Stillinga vil vere knytt til avd. for Brann, feiing og redning.


Arbeidsoppgåver

Stillinga inngår i feiarteamet som har ansvar for både brannsyn av pipe og eldstad og feiing av piper i heile Stryn kommunen. Ved behov må ein utføre arbeid på tvers av samarbeidskommunane.

Dersom alternativet er å ta fagbrev, vil søkjaren bli praksiskandidat / vaksenlærling og må vere motivert for dette. Praksistida vil bli fastsett ut frå utdanning og relevant praksis. Teoretisk utdanning blir gjeven på Brannskulen, medan praktisk opplæring skjer gjennom stillinga. Praksistida vil bli vurdert ut frå tidlegare utdanning og praksis. I denne perioden vil løn bli etter avtale. 

Den tilsette må regne med å reise til Norges brannskule for å gjennomføre teoriopplæringa. Kommunen kostar denne opplæringa, og den tilsette beheld lønna si. Kommunen stiller krav om bindingstid til feiarvesenet etter endt utdanning i to år.  

 

Kvalifikasjonar

  • Primært krav om fagutdanning som feiar/brannforebyggar. Søkar utan formell utdanning vil og bli vurdert, men må då ha som mål å ta fagbrev som feiar/brannforebyggar (praksiskandidat).
  • Det vil vere fordelaktig om søkar har anna relevant fagutdanning i botnen, til dømes byggfag.
  • Gode datakunnskapar 
  • Førarkort klasse B, ynskje om klasse C eller kunne ta dette ved behov. 

Personlege eigenskapar

  • Høgdesterk, glad i fysisk arbeid   
  • Engasjement for det brannførebyggande arbeidet 
  • Pliktoppfyllande og strukturert
  • Like å arbeide med menneske
  • Evne til både å arbeide sjølvstendig og i team
  • Den som vert tilsett må legge fram helseattest av ny dato.   

Vi tilbyr

  • Solid fagmiljø innan brannførebyggande arbeid
  • Variert og utfordrande arbeid i positivt miljø
  • Hjelp til å finne bustad 
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

John Jatgeir Vinsrygg, Brannsjef, 91721629, jonj.vinsrygg@stryn.kommune.no

Arbeidsstad

Tonningsgata 4

6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune


Referansenr.: 4941653893

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Tonningsgata 4, 6783 Stryn
Stillingsfunksjon
Håndverker, Annet, Brannvern
FINN-kode
398753027
Sist endret
21. mars 2025 06:42