Er du vår nye omvisar i diktarheimen Midtbø?

Arbeidsgiver
Vinjesenteret
Stillingstittel
Museumsvert
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

Sumaren 2025 vil Vinjesenteret tilby omvisingar i diktarheimen Midtbø som ein del av formidlingstilboda frå Vinjesenteret. Midtbø var heimen til ekteparet og forfattarane Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.

Me søkjer no etter omvisarar for sumarsesongen og ser etter deg som har interesse for, eller erfaring med kulturformidling. Kanskje er du student og ynskjer relevant jobberfaring?

Det å formidle historia om forfattarlivet på Midtbø står sentralt i stillinga. Som omvisar vil du ha arbeidsdagane dine der, og du vil vera vertskap for besøkjande gjester. Som grunnlag for omvisingane vil du ha eit profesjonelt utarbeidd manus som utgangspunkt. Som omvisar vil du få god opplæring og høve til å øve på manus.

Du må like å møte nye menneske, få dei til å kjenne seg velkomne, og kunne gje dei gode opplevingar. Ei interesse for skjønnlitteratur og lyrikk kjem godt med i arbeidet.

Omvisingane på Midtbø byrjar 17. juni og held fram til 17. august. I veke 28 og 29 vil familien Vesaas sjølv ha omvisingane på Midtbø.

Opningstidene er 11--17 tysdag til sundag.

Hjå oss nyttar alle nynorsk i skriftlege samanhengar. Du må vera stødig i engelsk, og kan du fleire språk er det ein bonus.

Du som søkjer bør helst vera over 18 år.

Løn etter lokalt lønssystem.

Send søknad med CV og relevante attestar som eitt samla PDF-dokument. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 1441, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Annet, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398763295
Sist endret
20. mars 2025 12:39