Undervisningsstilling i matematikk

Arbeidsgiver
BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling i matematikk
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Er du ein pedagog med eit hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!

Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulene i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande: 

  • Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
  • IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme 
  • Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1 
  • Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
  • Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering

 

Frå 1.8.2025 har Bergen Katedralskole, avdeling Vaksenopplæring, ledig eit vikariat i 34% i matematikk

 


Arbeidsoppgåver

Undervisning på dag- og kveldstid i matematikk på Vaksenopplæringa

Kvalifikasjonar

Formell undervisningskompetanse i matematikk

Ønskelig med undervisningskompetanse i naturfag

Pedagogisk utdanning

Gyldig politiattest

Vi søkjer etter deg som

- har eit stort engasjement for faget og formidling

- har evna til å inspirere og motivere deltakarane

- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar

- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne

 

Vi tilbyr

Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte deltakare og tilsette

Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Sigrid Olaug Sve Låstad, avdelingsleiar, 92066823

Arbeidsstad

Kalfarveien 2

5018 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4941173127

Stillingsprosent: 34%

Vikar

Startdato: 01.08.2025

Sluttdato: 31.07.2026

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kalfarveien 2, 5018 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398767388
Sist endret
21. mars 2025 07:09