Nybegynnaropplæring i norsk og engelsk - Nettundervisning kveld
- Arbeidsgiver
- BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Nettundervisning kveld i norsk og engelsk
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ein pedagog med eit hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulene i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Frå 1.8.2025 har Bergen Katedralskole, avdeling for Voksenopplæring, ledig faste stillingar i nybegynnaropplæring i norsk og engelsk på nett.
Arbeidsoppgåver
Nettundervisning i norsk for nybegynnare på kveldstid - grunna parallell undervisning er det to stillingar på om lag 40% kvar
Nettundervisning i engelsk for nybegynnare på kveldstid - ein stilling på 50%
Undervisningen er på kveldstid.
Kvalifikasjonar
Formell undervisningskompetanse i norsk eller
Formell undervisningskompetanse i engelsk
Pedagogisk utdanning
Gyldig politiattest
Vi søkjer etter deg som
- har eit stort engasjement for faget og for formidling på nettskole
- har evna til å inspirere og motivere elevane
- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har gode digitale ferdigheter
Vi tilbyr
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte tilsette
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Sigrid Olaug Sve Låstad, avdelingsleiar, 92066823Arbeidsstad
Kalfarveien 25018 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4940959606
Stillingsprosent: 1%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 3
- Sted
- Kalfarveien 2, 5018 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398768473
- Sist endret
- 21. mars 2025 07:10