Pedagogisk leiar/barnehagalærar

Arbeidsgiver
Fogn, Sjernarøy og Ombo oppvekstsenter (5), Stavanger kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar/barnehagalærar
Frist
03.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du utdanna barnehagelærar og ønsker å vere med og forme framtida, samstundes som du skal vere den varme og tydelege vaksne som møter barna våre kvar dag? Då bør du søke stillinga som pedagogisk leiar på Fogn oppvekstsenter. 

Me er ein liten barnehage plassert midt i hjartet av Ryfylke. Landlege omgjevnadar med ein unik moglegheit til å bruke i det pedagogiske arbeid.
Me er ein del av eit oppvekstsenter. Det vil seie at skule og barnehage held til i same bygg, og samarbeid barnehage- skule er prioritert.

Arbeidsoppgaver

Dagleg pedagogisk ansvar i barnehageavdelinga, herunder;
- Planlegge, gjennomføre og dokumentere det pedagogiske innhaldet i barnehagen og på avdelinga, gjennom dagsrytmeplanar, månadsplan og årsplan. 
- Ansvar for å gi barna god omsorg og å vere ein god rollemodell.
- Arbeide i tråd med gjeldande planar og styringsverktøy. 
- Oppfølging av spesialpedagogiske behov og tilrettelegging
- Samarbeid med pedagogisk leiar 1.
- Stedfortreder ved pedagogisk leiar 1 sitt fråvær, med dei oppgåver og ansvar det innebêr. 

Kvalifikasjoner

Utdanna barnehagelærar eller tilsvarande.
Beherskar norsk skriftleg og munnleg.
Kjennskap til og evne til å jobbe med digitale verktøy.
Erfaring frå barnehage.

Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har eit språknivå tilsvarande B2.

Tilfredsstillande politiattest er ein forutsetning for tilsetting. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men leverast etter tilbod om tilsetting og før tiltreding.

 

Personlige egenskaper

Du er innstilt på samarbeid og har evne til å jobbe i team.
Du er fleksibel og har godt humør.
Du har gode evne til å byggje relasjonar og trives saman med barn og føresette.
Du er opptatt av at barnet sin tryggleik, der utvikling og læring står i sentrum.
Du er engasjert, kreativ og løysingsorientert.
Me har få vaksne å spele på, noko som stiller høge krav til kvar tilsett. Ein må ha gode relasjonelle ferdigheiter. 

Vi tilbyr

Eit engasjerande og inspirerande miljø.
Løn i samsvar med hovudtariffavtalen til KS.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsbedrift (IA-bedrift).
Stavanger kommune har tillegg til pedagogiske leiarar på kr 41.000 årleg. 
Tilsette med godkjent utdanning som barnehagelærar får hjå oss eit arbeidsstadstillegg (funksjonstillegg) på kr 50 000 per år. Dette gjer me for å rekruttere og behalde kompetent arbeidskraft på dei ikkje-landfaste øyane i Finnøy kommunedel. 

Kontaktinformasjon

Alice Helgøy, Rektor, 93093077, alice.helgoy@stavanger.kommune.no

Arbeidssted

Liane1

4164 Fogn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Stavanger kommune


Referansenr.: 4941188931

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 03.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Liane1, 4164 Fogn
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
398768660
Sist endret
21. mars 2025 07:11