Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Alderspsykiatri SNR (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 02.04.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vil du vere med på laget vårt?
Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk sjukepleiar med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig, og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på menneske som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det. Vi kan tilby deg vikariat i døgnseksjonen med moglegheit for fast tilsetting.
Seksjonen vår er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 9 sengeplasser inkludert moglegheit for 2 intensivplasser - ingen akuttfunksjon. Vi har 4 senger for psykosepasientar og 5 senger for pasientar med alderspsykiatriske problemstillingar. Innlegging skjer etter henvisning frå fastlege, sjukeheimslege eller annan lege/seksjon/avdeling i helseføretaket. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet, der også miljøpersonale frå sengeposten kan delta. Alderspsykiatri SNR gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
I oktober 2024 flytta vi inn i nye, flotte lokaler i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt!
Arbeidsoppgåver
- Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og brukar mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon
- Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk
- Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak
- Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak
- Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskeleg
- Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er positiv og ein god relasjonsbyggjar
- Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet
- Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper
- Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga
- Du må vere fagleg tydeleg og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Menn oppfordrast til å søkje.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Nordmøre og Romsdal!
Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 466 83 184, Marit.Mogedal.Stokkeland@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4940123463
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 02.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opdølvegen, 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 398769669
- Sist endret
- 21. mars 2025 07:11
Mer som dette
