Undervisning i KDA fag
- Arbeidsgiver
- BERGEN KATEDRALSKOLE, Vestland fylkeskommune
- Stillingstittel
- Undervisnings i KDA fag
- Frist
- 06.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ein pedagog med eit hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt?
Ynskjer du jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stort samfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulene i landet. Skulen har om lag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfag og økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Frå 1.8.2025 har Bergen Katedralskole, avdeling Kyrre ledig ein fast stilling i 55% i Kunst og visuelle verkemiddel, trykk og foto
Arbeidsoppgåve
Undervisning på dagtid i Kunst og visuelle verkemiddel, trykk og foto for elevar med behov for særskild tilrettelegging.
Kvalifikasjonar
Formell undervisningskompetanse innanfor relevante fag
Ønskelig med kompetanse innanfor engelskundervisning.
Pedagogisk utdanning
Gyldig politiattest
Vi søkjar etter deg som
- har eit stort engasjement for faget og formidling
- har evna til å inspirere og motivere elevane
- har gode samabeidsevner og bidreg til gode relasjonar
- har god munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi tilbyr
Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk
Kontaktinformasjon
Helge Øvrebotten Andersen, avdelingsleiar, 41407759Arbeidsstad
Lars Hilles gate 20B5008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4940295961
Stillingsprosent: 55%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 06.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 398771894
- Sist endret
- 21. mars 2025 07:14