Kjøkenassistent - 8 % søndagsstilling
- Arbeidsgiver
- Solund kommune Helse og omsorg
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Solund kommune driftar sitt eige kjøken som har ein sentral plass på Solund Helsetun. Kjøkenet leverer mat til bebuarar på Solundheimen og heimebuande brukarar. All mat vert laga frå grunnen av og bebuarane på sjukeheimen vaknar til nybaka brød. Kjøkenet vårt er kjent for den gode maten som vert servert.
Solund kommune har ledig stilling som kjøkenassistent på kjøkenet på Solundheimen.
Arbeidstida er søndagar kl. 07.30-14.00 og ein har i løpet av ein 9 vekers periode 4 søndagsvakter.
Som kjøkenassistent har du som arbeidsoppgåve å førebu kalde måltid, reinhald på kjøkenet, vere tilgjengeleg for kollegaene dine samt yte god og høfleg service til det beste for brukarane våre. Du går vaktene saman med ein kokeansvarleg.
Du treng ikkje vere kokk for denne stillinga men ha interesse for å jobbe på kjøken. Erfaring frå å jobbe på eit kjøken er ein fordel.
Det er viktig at du er serviceinnstilt, har godt humør og bidrar til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr god opplæring, godt arbeidsmiljø, løn i følgje tariff og gode offentlege pensjonsordningar.
Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.
Velkomen som søkjar!
Offentleg søkjarliste: Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Hardbakke, 6924 Hardbakke
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Annet
- FINN-kode
- 398774711
- Sist endret
- 21. mars 2025 07:17
Mer som dette
