Fysioterapeut 50-100% fast stilling

Arbeidsgiver
Bokn kommune Helse- og omsorg
Stillingstittel
Fysioterapeut
Frist
21.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fysioterapeut 50-100% fast stilling

Om arbeidsstaden

Eining for helse og førebyggjande tenester består av psykisk helse- og rusteneste, fysioterapeut, friskliv-, læring og meistring. Eininga er lokalisert på Boknatun.

 

Arbeidsoppgåver i stillinga

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til arbeid med å hjelpe barn og vaksne med nedsett funksjon, slik at desse opplev mest mogleg meistring og fungering i kvardagen, samt fokus på førebyggjande arbeid.

-          Oppgåver knytt til hjelpemiddel

-          Syn- og høyrsels kontakt, dette i samarbeid med ergoterapeut

-          Samarbeid med ulike einingar i kommunen

-          Bidra til utvikling av tenesta

For oss er det viktig at det arbeidet vi utfører har høg kvalitet. I vår arbeidskvardag støtter vi oss difor på faglege retningslinjer, forsking og erfaring.

 

Kompetansekrav

-          3 -årig vidareutdanning på høgskule som fysioterapeut

-          Erfaring frå arbeid med barn og/eller vaksne

-          Kommunikasjonsferdigheiter og evne til å motivere

-          Sertifikat klasse B

-          God munnleg og skriftleg norskkunnskap

 

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter ein person som er sjølvstendig, imøtekommande, samarbeidsvillig, kreativ og fleksibel, og som har eit positivt menneskesyn.

 

Arbeidsgjevar tilbyr:

-          Tilsetjing og løn etter gjeldande lovar og tariffavtale

-          Dyktige, motiverte og inkluderande kollegaer

-          Stor påverknadskraft og å ha ei sjølvstendig rolle

-          Moglegheit for personleg og fagleg utvikling

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem – www.bokn.kommune.no – «ledige stillingar». Attestar og vitnemål treng ikkje leggast ved søknaden, men tas med på eit eventuelt intervju. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Boknatunvegen 37, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Fysioterapeut, Helsepersonell / Ergoterapeut
FINN-kode
398847071
Sist endret
21. mars 2025 07:06